Eigenskapar for flytande rammer

Endrar eigenskapane til den valde flytande ramma. Flytande rammer fungerer best når dei inneheld eit HTML-dokument og når dei vert sette inn i eit anna HTML-dokument.

For å bruka denne funksjonen …

Merk ei ramme og vel så Rediger → Objekt → Eigenskapar.

Opna sprettoppmenyen til ramma og vel Eigenskapar.


Namn

Skriv inn eit namn for den flytande ramma. Namnet kan ikkje innehalda mellomrom, spesialteikn eller byrja med ein understrek (_).

Innhald

Skriv inn stien og namnet til fila som du vil visa i den flytande ramma. Du kan også trykkja knappen for å finna fila du vil visa. For eksempel kan du skriva inn:

Bla gjennom

Leit fram fila du vil visa i den flytande ramma, og trykk Opna.

Rullefelt

Legg til eller fjernar eit rullefelt frå den valde flytande ramma.

Viser rullefeltet for den flytande ramma.

Av

Gøymer rullefeltet for den flytande ramma.

Automatisk

Marker for dette valet viss den aktive flytande ramma kan ha eit rullefelt når det er nødvendig.

Kantlinje

Viser eller gøymer kantlinjene til den flytande ramma.

Viser rullefeltet for den flytande ramma.

Av

Gøymer kantane til den flytande ramma.

Fyll

Vel avstanden mellom kantane til ramma og innhaldet i henne. Både dokumentet i ramma, og det utanfor ramma, må vera HTML-dokument.

Breidd

Vel kor stor vassrett avstand du vil ha mellom venstre- og høgrekanten og innhaldet i ramma. Både dokumentet på utsida og i ramma må vera HTML-dokument.

Standard

Brukar standard vassrett avstand.

Høgd

Skriv inn kor stor loddrett avstand du vil ha mellom venstre- og høgrekanten og innhaldet i ramma. Både dokumentet på utsida og i ramma må vera HTML-dokument.

Standard

Brukar standard loddrett avstand.

Støtt oss!