LibreOffice 24.8 Hjelp
I eit hovuddokument kan du skifta dokumentstrukturen mellom normalvising og hovuddokumentsvising.
Dokumentstruktur viser hovudkomponentane i hovuddokumentet. Viss du held musepeikaren over namnet på eit underdokument i lista, vert heile stien til underdokumentet vist.
Hovudvisinga i dokumentstrukturen viser desse knappane:
Byter mellom hovuddokumentsvising og normalvising.
Slå på/av hovudutforminga
Redigerer innhaldet av komponenten som er valt i Dokumentstruktur-lista. Viss utvalet er ei fil, vert fila opna for redigering. Viss utvalet er eit register, vert dialogvindauget for register opna.
Rediger
Trykk og vel innhaldet du vil oppdatera.
Oppdater
Oppdater innhaldet av utvalet.
Oppdater alle registera.
Oppdater alle lenkjene.
Oppdater alt innhaldet.
Denne kommandoen finn du ved å høgreklikka på ei innsett fil i dokumentstrukturvindauget.Endra lenkjeeigenskapane for den valde fila.
Set inn ei fil, eit register eller eit nytt dokument i hovuddokumentet.
Du kan òg setja inn filer i hovuddokumentet ved å dra ei fil frå skrivebordet og sleppa henne i hovudvindauget til «Dokumentstrukturen».
Set inn
Set inn eit register eller ei innhaldsliste i hovuddokumentet.
Set inn ei eller fleire filer i hovuddokumentet.
Lag og set inn eit nytt underdokument. Når du opprettar eit nytt dokument vert du spurd om å skriva inn filnamnet og kvar du vil lagra dokumentet.
Set inn eit nytt avsnitt i hovuddokumentet, der du kan skriva inn tekst. Du kan ikkje setja inn tekst ved sida av ei tekstoppføring som finst frå før i «Dokumentstruktur».
Lagrar ein kopi av innhaldet i filene som er lenkja til hovuddokumentet. Dette sikrar at innhaldet er tilgjengeleg sjølv når dei lenkja filene ikkje er det.
Lagra med innhald
Flytt eit hakk lenger opp i «Dokumentstruktur»-lista. Du kan ôg flytta oppføringar ved å dra og sleppa dei i lista. Om du flyttar ein tekstbolk til ein annan tekstbolk, vert dei to teksbolkane fletta.
Flytt oppover
Flytt eit hakk lenger ned i «Dokumentstruktur»-lista. Du kan ôg flytta oppføringar ved å dra og sleppa dei i lista. Om du flyttar ein tekstbolk til ein annan tekstbolk, vert dei to teksbolkane fletta.
Flytt nedover
Du får fram denne kommandoen ved å høgreklikka på eit element i dokumentstrukturen. Slettar utvalet frå dokumentstrukturlista og hovuddokumentet, men slettar ikkje underdokumentfila.