Likskapssøk

Kryss av for å søkja etter uttrykk som liknar på Søk etter-teksten. Kryss av her og trykk på Liknande-knappen for å tilpassa likskapssøket.

For eksempel kan likskapssøket finna ord som er like med teksten Søk etter bortsett frå to teikn.

For å bruka denne funksjonen …


Likskapar

Vel kriteria for å avgjera om eit ord liknar søkjeuttrykket.

Byt ut teikn

Skriv inn kor mange teikn i søkjeordet som kan bytast ut. Viss du for eksempel spesifiserer to utveksla teikn, vert «kompe» og «lompe» sett på som like når du byter «ko» og «lo».

Legg til teikn

Skriv inn maksimalt tal på teikn som eit ord kan ha meir enn talet på teikn i søkjeordet. Viss du for eksempel spesifiserer 3 ekstra teikn, vert «lang» og «lenge» sett på som like, men ikkje «lengdeløp».

Fjern teikn

Skriv inn kor mange teikn eit ord kan vera kortare enn søkjeordet. Viss du for eksempel spesifiserer 3 fjerna teikn, vert «lengdeløp» og «lengdhopp» sett på som like, men ikkje «lengde».

I kombinasjon

Kryss av for å søkja etter eit uttrykk som passar ein vilkårleg kombinasjon av innstillingane.

tip

Å bruka Kombiner oppfyller brukaren sine forventingar betre frå å sjå på innstillingane, men kan returnera falske positivar. Å ikkje bruka Kombiner kan finna færre treff, men returnerer ikkje falske positivar.


note

Det vert brukt ein vekta Levenshtein avstandsalgoritme (WLD). Viss det ikkje er avmerkt for Kombiner, vert innstillingane handsama som ein EKSKLUSIV-ELLER (streng WLD). Elles vert innstillingane handsama som ein INKLUSIV-ELLER (tillempa WLD).


warning

Ver varsam når du brukar Byt ut alle i likskapssøk. Det beste er å sjå etter på førehand kva som kan verta funne.


Støtt oss!