Liste over regulære uttrykk

Term

Representasjon/bruk

Vilkårleg teikn

Det gjevne teiknet, unntatt viss det er eit metateikn i eit regulært uttrykk. Lista over metateikn kjem like under denne tabellen.

.

Kva bokstav som helst unntatt linjeskift og ny linje. For eksempel vil «k.rt» passa både «kart» og «kort».

^

Byrjinga av eit avsnitt eller ei celle. Spesielle objekt som tomme felt eller rammer kopla til ein bokstav i byrjinga av eit avsnitt vert ignorerte. Såleis vil «^Peter» passa med ordet «Peter» berre når det er det første ordet i eit avsnitt.

$

Slutten av eit avsnitt eller ei celle. Spesielle objekt som tomme felt eller rammer kopla til ein bokstav i byrjinga av eit avsnitt vert ignorerte. Såleis vil «Peter$» passa med ordet «Peter» berre når det er det siste ordet i eit avsnitt.

$ åleine svarar til slutten av eit avsnitt. På denne måten er det råd å søka og byta ut avsnittskiljeteikn.

*

Ingen eller fleire regulære uttrykk som følgjer like etter. For eksempel vil «Ab*c» passa «Ac»,«Abc»,«Abbc»,«Abbbc» og så vidare.

+

Eitt eller fleire regulære uttrykk som er like før. For eksempel vil «AX.+4» finna «AXx4» men ikkje «AX4c».

Den lengste moglege strengen i eit avsnitt som passar dette regulære uttrykket i eit avsnitt. Viss avsnittet inneheld strengen «AX 4 AX4», vert heile avsnittet markert.

?

Ingen eller eitt regulært uttrykk som er like før. For eksempel vil «Teksta?» finna «Tekst» og «Teksta». «x(ab|c)?y» finn «xy», «xaby» og «xcy».

\

Søket tolkar spesialteiknet etter «\» som eit normalt teikn, ikkje som eit regulært uttrykk (med unntak for «\n», «\t», «\>» og «\<»). For eksempel vil «tre\.» gje treff på «tre.» men ikkje på «treg» eller «trea».

\n

Når det vert skrive inn i tekstboksen Finn, finn du eit linjeskift som vart sett inn med tastekombinasjonen Shift + Enter i Writer eller med Ctrl + Enter i ei Calc-celle.

Når du skriv noko i tekstboksen Erstatt i Writer, vert det sett inn eit avsnittsskifte som kan setjast inn med tasten Enter eller Retur. Det betyr ingenting spesielt i Calc, og vert handsama bokstavleg der.

For å endra «ny linje» til avsnittskift, skriv inn «\n» i både Finn og Byt ut og utfør søk og byt ut.

\t

Eit tabulatorteikn. Kan også brukast iByt ut.

\b

Ei ordgrense. For eksempel vil «\bbok» finna «bokmerke» og "bok", men ikkje «lommebok», medan «bok\b" vil finna «lommebok» men ikkje «bokmerke».

Denne forma erstattar den forelda, men framleis gyldige, forma «\>» (finn slutten av ordet) og «\<» (finn starten av ordet).

^$

Finn eit tomt avsnitt.

^.

Finn det første teiknet i eit avsnitt.

& eller $0

Legg tekststrengen, som vart funnen med søkjekriteriet i feltet Søk etter, til uttrykket i feltet Byt ut med når du byter ut.

Dersom du for eksempel skriv inn «vindauge» i Finn og «&ramme» i «Byt ut», vert ordet «vindauge» byt ut med «vindaugeramme».

Du kan også skriva «&» i feltet Byt ut for å endra Attributt eller Format på strengen som vert funnen ut frå søkjekriteria.

[...]

Éin enkelt førekomst av eitt av teikna mellom klammeparentesane. For eksempel: «[abc123]» samsvarar med teikna «a», «b», «c», «1», «2» og «3». «[a-e]» samsvarer med enkeltførekomstar av teikna frå og med a til og med e. (området må gjevast med teiknet som har det minste Unicode-nummeret først). «[a-eh-x]» samsvarar alle enkeltførekomstar av teikna som er i området «en» gjennom «e» og «h» gjennom «x».

[^...]

Kva enkeltførekomst som helst av teikn, også teikna for tabulator, mellomrom og linjeskift, som ikkje er i lista over teikn som er oppgjeve i inkluderande område er tillatne. For eksempel vil «[^ a-SYZ]"» samsvara med alle teikn som ikkje er i det inkluderande området «a» til « » eller teikna «y» og «z».

\uXXXX

\UXXXXXXXX

Teiknet som er representert av den firesifra heksadesimale koden (XXXX).

Teiknet som er representert av den åtte-sifra heksadesimale Unicode-koden (XXXXXXXX).

note

For nokre symbolskrifter kan symbolet (teiknvarianten) som vert vist på skjermen sjå ut til å vera relatert til ein annan Unicode-kode enn det som faktisk vert brukt i skrifttypen. Unicode-kodene kan visast ved å velja Set inn → Spesialteikn eller ved å bruka snarvegen til unicode-konvertering.


\N{UNICODE CHARACTER NAME}

Samsvarar med det namngjevne Unicode-teiknet.

Nokre namngjevne Unicodeteikn å merkja seg er SPACE, NO-BREAK SPACE, SOFT HYPHEN, ACUTE ACCENT, CIRCUMFLEX ACCENT, GRAVE ACCENT.

note

Du kan søkja etter namngjevne Unikodeteikn frå Set inn → Spesialteikn.


|

Infix-operatoren avgrensar alternativa. Samsvarar med termen før «|» eller termen etter «|». For eksempel vil «dette|det» samsvara med førekomstar av både «dette» og «det».

{N}

Gjentakingsoperatoren post-fix set eit eksakt tal på førekomstar («N») av det regulære uttrykket som står like framføre. Dette må vera tilstades for å finna samsvar. For eksempel vil «vis{2}» passa med «viss».

{N,M}

Gjentakingsoperatoren post-fix set eit område med førekomstar (minimum «N» til maksimum «M») av det regulære uttrykket som står like framføre og som må vera tilstades for å finna samsvar. For eksempel vil «vis{1,2}» passa med «vis» og «viss».

{N,}

Gjentakingsoperatoren post-fix set eit område med førekomstar (minimum «N» til eit uspesifisert maksimum) av det regulære uttrykket som står like framføre og som må vera tilstades for å finna samsvar. (Det høgste talet på førekomstar er avgrensa berre ac storleiken på dokumentet). For eksempel vil «vis{2}» passa med «vis», «viss» og «visssss».

(...)

Grupperingskonstruksjonen som tener tre føremål.

  1. For å få med eit sett med '|'-alternativ. For eksempel samsvarar det regulære uttrykket «b(ad|ytt)e» både med «bade» og «bytte».

  2. For å gruppera termane i eit komplekst uttrykk som skal handsamast med post-fix-operatorane «*», «+» og «?» saman med post-fix-gjentakingsoperatorane. For eksempel vil det regulære uttrykket «a(bc)?d» finna både «ad» og «abcd» i søket. Det regulære uttrykket «M(iss){2}ippi» vil finna «Mississippi».

  3. Du kan registrera den samsvarande understrengen i parentesane som referanse for seinare bruk i Finn-boksen ved hjelp av «\n»-konstruksjonen eller i Byt ut med-boksen ved hjelp av «$n»-konstruksjonen. Referansen til det første punktet vert representert av «\1» i Finn-boksen og med «$1» i Byt ut med-boksen. Referansen til den neste samsvarande understrengen med «\2» og «$2» og så vidare.

For eksempel vil det regulære uttrykket "(890)7\1\1" passa med "8907890890".

Med det regulære uttrykket «\b((frukt|eple)\b» i finn-boksen og det regulære uttrykket «$1saft» i byt ut-boksen vert orda «frukt» og «eple» byt ut med «fruktsaft» og «eplesaft». Ord som «fruktsafter» og «eplesafter» vert ikkje påverka.

[:alpha:]

Representerer eit alfabetisk teikn. Bruk [:alpha:] for å finna eitt av dei.

[:digit:]

Representerer eit desimalsiffer. Bruk [:digit:] for å finna eitt av dei.

[:alnum:]

Står for eit alfanumerisk teikn ([:alpha:] og [:digit:]).

[:space:]

Representerer eit mellomromsteikn (men ingen andre blankteikn).

[:print:]

Står for eit teikn som kan skrivast ut.

[:cntrl:]

Står for eit kontrollteikn, eit teikn som ikkje vert skrive ut.

[:lower:]

Står for ein liten bokstav viss Skil store og små bokstavar er valt under Innstillingar.

[:upper:]

Står for ein liten bokstav viss Skil store og små bokstavar er valt under Innstillingar.


note

Du finn ei fullstendig liste over støtta metateikn og syntaks i ICU Regular Expressions documentation


Du kan kombinera regulære uttrykk for å laga komplekse og avanserte regulære uttrykk for søking slik som vist i eksempla nedanfor.

Eksempel

Uttrykk

Meining

^$

Eit tomt avsnitt.

^ spesifiserer at samsvaret må vera i byrjinga av avsnittet,

$ spesifiserer at eit avsnittsmerke eller slutten av ei celle må koma like etter den samsvarande strengen.

^.

Det første teiknet i eit avsnitt.

^ spesifiserer at samsvaret må vera i byrjinga av avsnittet,

. spesifiserer eitkvart enkeltteikn.

e([:digit:])?

Samsvarar med «e» åleine eller at det kjem eitt siffer etter.

e spesifiserer teiknet «e»,

[:digit:] spesifiserer kva desimaltal som helst,

? spesifiserer ingen eller eitt tilfelle av [:digit:].

^([:digit:])$

Samsvarer med eit avsnitt eller celler som inneheld nøyaktig eitt siffer.

^ spesifiserer at samsvaret må vera i byrjinga av avsnittet,

[:digit:] spesifiserer kva desimaltal som helst,

$ spesifiserer at eit avsnittsmerke eller slutten av ei celle må koma like etter den samsvarande strengen.

^[:digit:]{3}$

Samsvarer med eit avsnitt eller celler som inneheld berre tre siffer.

^ spesifiserer at samsvaret må vera i byrjinga av avsnittet,

[:digit:] spesifiserer kva desimaltal som helst,

{3} spesifiserer at [:digit:] må finnast tre gonger,

$ spesifiserer at eit avsnittsmerke eller slutten av ei celle må koma like etter den samsvarande strengen.

\bconst(itu|ruc)tion\b

Samsvarar med orda "konstitusjon" og "konstruksjon", men ikkje med "konstitusjonell".

\b spesifiserer at samsvaret skal byrja ved ei ordgrense,

konst spesifiserer teikna «konst»,

( byrjar gruppa,

itu spesifiserer teikna «itu»,

| spesifiserer alternativet,

ruc spesifiserer teikna «ruc»,

) avsluttar gruppa,

sjon spesifiserer teikna «sjon»,

\b spesifiserer at samsvaret må vera ved slutten av ei ordgrense.


Støtt oss!