Finn eller erstattar tekst eller formaterer dokumentet.
For å bruka denne funksjonen …
Frå menylinja:
Vel Rediger → Søk og byt ut.
Frå verktøylinjer:
Søk og byt ut
Frå tastaturet:
KommandoCtrl + H
Finn
Skriv inn teksten du vil søkja etter eller vel eit tidlegare søk frå lista.
Søkjeinnstillingane finn du i feltet Finn eller i området Andre innstillingar i dialogvindauget.
Skil mellom store og små bokstavar
Svarar nøyaktig til det teiknet som er oppgjeve i Finn utan å vurdera alternative tilfelle.
Fjern merkinga for denne innstillinga for å slå av skiljet mellom store og små bokstavar. Då vil for eksempel eit søk etter bokstaven «a» finna både «a» og «A».
Ver merksam på at nokre bokstavar kan ha fleire treff når Skil mellom store og små bokstavar er slått av. Såleis kan eit søk på «s» finna både «s», «S» og «ß» (dobbel S brukt i tysk).
Formatert vising
Ta med teikn som formaterer tal i søkinga.
Heile cellerBerre heile ord
Søkjer etter heile ord eller celler som er identiske med søkjeteksten.
Alle arka
Søkjer gjennom alle arka i den gjeldande reknearkfila.
Byt ut
Skriv inn ein erstatningstekst i kombinasjonsboksen, eller vel eit tidlegare søk frå lista.
Vala for byt ut finn du i feltet Finn eller i området Andre innstillingar i dialogvindauget.
Søk etter alle
Finn og markerer alle førekomstar av teksten eller formatet du søkjer etter i dokumentet. (Dette kan berre gjerast i Writer- og Calc-dokument).
Finn førre
Finn og merkjer den førre førekomsten av tekst eller format du søkte etter i dokumentet.
Finn neste
Finn og merkjer den neste førekomsten av tekst eller format du søkte etter i dokumentet.
Byt ut
Byter ut den valde teksten eller formatet som du søkte etter, og søk etter neste.
Byt ut alle
Byter ut alle tilfella av teksten eller formatet som du ønskjer å byta ut.
Andre innstillingar
Vis fleire eller færre val. Trykk på knappen igjen for å gøyma utvida søkjeval.
Berre i merkt område
Søkjer berre i merkt tekst eller merkte celler.
Byt ut bakover
Søket byrjar der skrivemerket står og går bakover til byrjinga av fila.
Kommentarar
I Writer kan du velja å ta med merknadstekstane i søkja dine.
Jokerteikn
Let deg søkja etter avanserte mønster ved hjelp av metateikn.
Søkjer etter tekst formatert med stilen du oppgjev. Merk av i denne boksen og vel ein stil frå Søk etter-lista. Du oppgjev stilen du vil byta ut med ved å velja han i Byt ut med-lista.
Cellestilar
Søkjer etter tekst formatert med stilen du oppgjev. Merk av i denne boksen og vel ein stil frå Søk etter-lista. Du oppgjev stilen du vil byta ut med ved å velja han i Byt ut med-lista.
Søker nøyaktig samsvar, tek med ikkje Unicode-kombineringsmerke i søkinga. Viss du for eksempel søkjer etter كتب vil dette ikkje samsvara med كَتَبَ eller كُتُب eller كتِب og så vidare.
Kashida-sensitiv
Søkjer nøyaktig samsvar, medrekna ikkje arabisk Tatweel-merke U + 0640 (også kjent som Kashida) i søk. Viss du for eksempel søkjer etter كتاب vil dette ikkje samsvara med كـتاب eller كتــــاب og så vidare.
Vel den tekstattributten du vil søkja etter. Viss du for eksempel vil søkja etter attributten Omriss, vert alle teikn som er formaterte manuelt med ein omrisseffekt viste. Viss du også ønskjer å finna alle teikn som har ein omrisseffekt som ein del av ein stil, vel Ta med stilar i Andre innstillingar før du søkjer.
Finn spesielle tekstformateringseigenskapar som skrifttypar, skrifteffektar og tekstflytkarakteristikkar.
Når du har vald format og attributt du vil søkja etter, vert avmerkingsfeltet avsnittsstilar i andre val endra til Ta med stilar. Merk av i dette avmerkingsfeltet viss du vil ta med søk etter formateringar og attributt sett av stilar.
Uformatert
Trykk Finn eller Byt ut og så på denne knappen for å fjerna søkjekriteria baserte på format.
Søkje- og byt ut-kriteria for formatering og attributt vert viste i felta Søk etter eller Byt ut med.
Retning
Bestemmer rekkjefølgja for å søkja i cellene.
Rader
Søk frå venstre mot høgre i radene.
Kolonnar
Søk frå øvst til nedst gjennom kolonnane.
Søk i
Formlar
Søkjer etter dei teikna du har oppgjeve i formlar og i faste (ikkje utrekna) verdiar. Du kan for eksempel søkja etter formlar som inneheld «SUM».
Verdiar
Søkjer teikn som du spesifiserer i verdiar og i formelresultata.
Merknadar
Søkjer etter teikna du har spesifisert i merknadane knytt til cellene.
Lukk
Lukkar dialogvindauget og lagrar alle endringane.
Når du har lukka dialogvindauget Søk og byt ut kan du likevel søkja med dei siste kriteria du skreiv inn ved å trykkja Shift + KommandoCtrl + F.