LibreOffice 24.2 Hjelp
Lagrar og organiserer fleire versjonar av dokumentet i same fil. Du kan óg opna, sletta og samanlikna tidlegare versjonar.
Viss du lagrar ein kopi av ei fil med Fil → Lagra som, vert ikkje eventuell versjonsinformasjon lagra med fila.
Vel innstillingar for lagring av ein ny versjon av dokumentet.
Lagrar det gjeldande dokumentet som ein ny versjon. Du kan også skriva inn kommentarar i dialogvindauget Set inn versjonskommentar før du lagrar den nye versjonen.
Skriv inn ein kommentar her når du lagrar ein ny versjon. Viss du trykte Vis for å opna dette dialogvindauget, kan du ikkje endra kommentaren.
Om du har gjort endringar i dokumentet, lagrar LibreOffice automatisk ein ny versjon når du lukkar dokumentet.
Dersom du lagrar dokumentet manuelt, ikkje gjer endringar i det etter at det er lagra, men lukk det. Det vil då ikkje verta oppretta ein ny versjon.
Listar opp dei eksisterande versjonane av det gjeldande dokumentet, dato og klokkeslett for då det vart laga, forfattar og tilhøyrande kommentarar.
Opnar den valde versjonen skriveverna i eit nytt vindauge.
Viser heile kommentaren til den valde versjonen.
Slettar den valde versjonen.
Samanlikn endringar som er gjort i kvar versjon. Du kan òg godta eller forkasta endringar.