Skrivaroppsett

Vel standardskrivar for dokumentet og endra utskriftsalternativa.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Fil → Skrivaroppsett.

Frå verktøylinjer:

Ikon Skrivarinnstillingar

Skrivarinnstillingar


note

Du vil kanskje oppleva litt forseinking når du endrar standardskrivaren for eit dokument som inneheld innebygde LibreOffice OLE-objekt.


Skrivar

Viser informasjonen som gjeld den valde skrivaren.

Viss lista er tom, kan du installera ein standardskrivar for systemet. Sjå i hjelp for operativsystemet om korleis ein installerer og set opp ein standardskrivar.

Namn

Viser ei liste over dei installerte skrivarane på operativsystemet ditt. Vel eit skrivarnamn frå lista for å endra standardskrivar.

Status

Viser status for den valde skrivaren.

Type

Vis kva type skrivar som er vald.

Plassering

Viser porten for den valde skrivaren.

Merknadar

Viser tilleggsinformasjon om skrivaren.

Eigenskapar

Endrar skrivarinnstillingane for operativsystemet for det gjeldande dokumentet.

warning

Sjå etter at liggjande eller ståande retning vald i skrivaroppsettet stemmer med det du har vald i .


Val

Opnar dialogvindauget for Skrivarinnstillingar der du kan overstyra dei globale skrivarinnstillingane sette i panelet → LibreOffice → Skriv ut for det gjeldande dokumentet.

warning

Knappen Innstillingar er berre tilgjengeleg i LibreOffice Writer og Calc.


Støtt oss!