Skriv ut det gjeldande dokumentet, utvalet eller sidene du ønskjer. Du kan også setja innstillingane for utskriving av det gjeldande dokumentet. Innstillingane for utskriving kan variera etter kva skrivar og operativsystem du brukar.
For å bruka denne funksjonen …
Frå menylinja:
Vel Fil → Skriv ut
Frå brukargrensesnittet med faner:
Vel Fil → Skriv ut
Frå tastaturet:
CommandCtrl + P
Frå verktøylinjer:
Skriv ut
Dialogvindauget for utskriving er sett saman av tre hovuddelar: Ei førehandsvising med navigeringsknappar, fleire faner med kontrollelement tilpassa dokumenttypen og knappane Skriv ut, Avbryt og Hjelp.
Om du berre ønskjer å vite korleis du kan skrive ut eit dokument, trykk på ei av lenkjene nedanfor.
Innstillingane som vert gjort i dialogvindauget for Skriv ut gjeld berre for den aktuelle utskrivinga aktivert med knappen Skriv ut. Ønskjer du å endra nokre innstillingar varig, bruk LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → LibreOffice (programnamn) → Skriv ut.
Trykk Shift+F1 eller vel Hjelp → Kva er dette? og peik på eit kontrollelement i dialogvindauget Skriv ut for å sjå hjelpeteksten for elementet.
Førehandsvising
Førehandsvisinga viser korleis utskrifta vil sjå ut på papir. Du kan bla deg gjennom alle arka ved hjelp av knappane under førehandsvisinga.
Avkryssingsfelt for førehandsvising
Slå førehandsvisinga av utskrifta av/på.
Førehandsvising av navigasjonsfelt
Skriv talet på sider som skal visast i førehandsvisinga, eller bruk piltastane for å visa sider i førehandsvisinga.
🡆 Viser førehandsvisinga av den neste sida.
⯮ Viser førehandsvisinga av den siste sida.
🡄 Viser førehandsvisinga av den førre sida.
⯬ Viser førehandsvisinga av den første sida.
Generelt
Du finn dei viktigaste kontrollelementa for utskrivinga på fana Generelt. Her kan du velja skrivar og setja opp innstillingane for den valde skrivaren. Du kan også bestemma kva innhald i dokumentet som skal skrivast ut.
Skrivar
Dette feltet viser dei installerte skrivarane. Trykk på skrivaren du vil bruka for den gjeldande utskrifta.
Status
Viser om den valde skrivaren er tilgjengeleg.
Eigenskapar
Opnar dialogvindauget for skrivaroppsettet. Eigenskapane varierer med kva skrivar du vel.
Område og kopiar
Alle sider
Skriv ut heile dokumentet.
Sider
Skriv ut berre dei sidene eller lysbileta du spesifiserer i boksen Sider.
Utval
Skriv ut berre det merkte området eller dei merkte områda eller objekta i dokumentet.
For å skriva ut eit område med sider, bruk eit format som 3-6. For å skriva ut enkeltsider, bruk eit format som 7;9;11. Du kan skriva ut ei blanding av sideområde og enkeltsider ved å bruka eit format som for eksempel 3-6;8;10;12.
Ta med
Vel ein del av sidene som skal skrivast ut. Moglege verdiar er:
Partalssider:
Skriv berre partalssider eller partalslysbilete.
Oddetalssider:
Skriv berre oddetalssider eller oddetalslysbilete.
Partals- og oddetalssider:
Skriv ut heile dokumentet.
Frå kvar
Vel kva som skal skrivast ut. Moglege verdiar er Skriv ut alle arka og Skriv ut merkte ark-
Papirsider
Viss skrivaren kan skriva ut på begge sidene av papiret, er det mogleg å velja mellom å skriva på berre den eine sida av papiret eller begge.
Tal på kopiar
Skriv inn kor mange kopiar du vil skriva ut.
Sortera
Hald på siderekkjefølgja i det opphavlege dokumentet.
Lagar åtskilde utskriftsjobbar for sortert utskrift
Merk av for denne om du ikkje stolar på at skrivaren lagar sorterte kopiar, men i staden lagar ei utskrift av kvar kopi.
Skriv ut i motsett rekkjefølgje
Merk av for å skriva ut i motsett rekkjefølgje.
Sideoppsett
I området Sideutforming kan du spara nokre ark ved å skriva fleire sider på kvart papirark. Du bestemmer storleiken på arket og korleis sidene skal setjast opp.
Endra oppstillinga av sider som skal skrivast ut på kvart papirark. Du kan sjå korleis oppstillinga vil verta på førehandsvisinga.
For nokre dokumenttypar kan du velja å skrive ut som brosjyre.
Papirstorleik
Set papirstorleiken som skal brukast. Førehandsvisinga viser korleis utskrifta vert sjåande ut på den valde papirstorleiken.
Retning
Vel papirretninga. Moglege verdiar er Ståande og Liggjande.
Sider per ark
Skriv ut fleire sider på kvart papirark.
Vel kor mange sider som skal skrivast på kvart papirark. Når talet på sider er sett til tilpassa vert desse innstillingane viste:
Sider
VVel kor mange rader.
Av
Vel kor mange kolonnar.
Marg
Vel margen mellom dei skrivne sidene og papirkanten.
Avstand
Vel margen mellom dei einskilde sidene på kvart papirark.
Rekkjefølgje
Vel i kva rekkjefølgje sidene skal skrivast ut.
Teikna ein kant rundt kvar side
Merk av for å teikna ein kant rundt kvar side.
Brosjyre
Merk av for «Brosjyre» om du vil skriva ut dokumentet i brosjyreformat.
Vel om fargar og objekt som er sette inn i bakgrunnen på sida du har sett opp i Format → Sidestil → Bakgrunn skal skrivast ut.
Bilete og andre grafiske objekt
Bestemmer om bilete og teikningar eller OLE-objekt i tekstdokumentet skal skrivast ut.
Gøymd tekst
Slå på dette valet for å skriva ut tekst som er merkt som gøymd.
Plasshaldarar for tekst
Slå på denne for å skriva ut plasshaldarar for tekst. Slå av dette for å utelata plasshaldarar frå utskrifter.
Kontrollelement for skjema
Bestemmer om skjemakontrollfelt i tekstdokumentet skal skrivast ut.
Merknadar
Bestemmer om merknadane (om dei finst) skal skrivast ut.
Farge
Skriv ut tekst i svart
Om teksten alltid skal skrivast ut i svart eller ikkje.
Sider
Skriv ut automatisk innsette tomme sider
Viss denne innstillinga er vald, vert automatisk innsette tomme sider skrivne ut. Dette er det beste viss du skriv ut på begge sider av arka. For eksempel kan ein avsnittsstil for kapittel i ei bok vera sett til å alltid byrja med ei oddetalsside. Dersom det førre kapittelet sluttar på ei oddetalsside, set LibreOffice inn ei tom partalsside. Dette valet styrer om denne partalssida skal skrivast ut eller ikkje.
LibreOffice Calc
Sider
Undertrykk utskriving av blanke sider
Viss det er merkt av for denne, vert tomme sider utan celleinnhald eller teikneobjekt ikkje skrivne ut.
LibreOffice Impress
Dokument
Type
Vel kva delar av dokumentet som skal skrivast ut.
Lysbilete per side
Vel kor mange lysbilete som skal skrivast på kvar side.
Rekkjefølgje
Bestemmer korleis lysbileta skal setjast opp på den utskrivne sida.
Innhald
Lysbiletnamn
Bestemmer om sidenamnet på dokumentet skal skrivast ut.
Dato og klokkeslett
Bestemmer om den gjeldande datoen og klokkeslettet skal skrivast ut eller ei.
Gøymde sider
Bestemmer om dei for tida gøymde sidene skal skrivast ut eller ei.
Farge
Originalfargane
Bestemmer om originalfargane skal skrivast ut eller ei.
Gråtoner
Bestemmer om fargane skal skrivast ut i gråtoner eller ei.
Svart/kvitt
Bestemmer om fargane skal skrivast ut svart og kvitt eller ei.
Storleik
Bestemmer korleis lysbileta skal skalerast i utskrifta.
Opphavleg storleik
Gjer at sidene ikkje vert skalerte meir når dei vert skrivne ut.
Tilpass til utskrivbar side
Bestemmer om objekt som er utføre skrivarmargane skal skalerast slik at dei får plass på papiret brukt i skrivaren.
Fordel på fleire papirark
Skriv ut eit dokument i stort format, for eksempel ein plakat eller eit banner, ved å fordela dokumentsida på fleire ark. Fordelingsalternativet reknar ut kor mange ark som trengst. Deretter kan du setja saman arka.
Flislegg ark med gjentekne lysbilete
Gjer at sidene vert skrivne ut i flislagt format. Viss sidene eller lysbileta er mindre enn papiret, vert sidene eller lysbileta gjentekne på arket.
LibreOffice Draw
Innhald
Sidenamn
Bestemmer om sidenamnet på dokumentet skal skrivast ut.
Dato og klokkeslett
Bestemmer om dato og klokkeslett skal skrivast ut.
Farge
Originalfargane
Bestemmer om originalfargane skal skrivast ut eller ei.
Gråtoner
Bestemmer om fargane skal skrivast ut i gråtoner eller ei.
Svart/kvitt
Bestemmer om fargane skal skrivast ut svart og kvitt eller ei.
Storleik
Bestemmer korleis lysbileta skal skalerast i utskrifta.
Opphavleg storleik
Gjer at sidene ikkje vert skalerte meir når dei vert skrivne ut.
Tilpass til utskrivbar side
Bestemmer om objekt som er utføre skrivarmargane skal skalerast slik at dei får plass på papiret brukt i skrivaren.
Fordel på fleire papirark
Skriv ut eit dokument i stort format, for eksempel ein plakat eller eit banner, ved å fordela dokumentsida på fleire ark. Fordelingsalternativet reknar ut kor mange ark som trengst. Deretter kan du setja saman arka.
Flislegg ark med gjentekne lysbilete
Gjer at sidene vert skrivne ut i flislagt format. Viss sidene eller lysbileta er mindre enn papiret, vert sidene eller lysbileta gjentekne på arket.
LibreOffice Math
Innhald
Tittel
Bestemmer om dokumentnamnet skal vera med i utskrifta.
Formeltekst
Bestemmer om innhaldet i kommando-vindauget skal vera med på slutten av utskrifta.
Kantlinjer
Legg til ei tynn kantlinje rundt formelområdet i utskrifta.
Storleik
Opphavleg storleik
Skriv ut formelen utan å justera skriftstorleiken.
Tilpass til side
Tilpassar formelen til sideformatet brukt for utskrifta.
Skalering
Forstørrar eller forminskar storleiken på den utskrivne formelen med ein bestemt faktor.