LibreOffice 24.8 Hjelp
Set passordinnstillingane for det gjeldande dokumentet.
Marker dette valet dersom fila berre skal kunna opnast som skriveverna.
Dette fildelingsalternativet vernar dokumentet mot å verta endra ved eit mistak. Det er likevel råd å redigera ein kopi av dokumentet og deretter lagra kopien med det same namnet som originalfila.
Vel for å ta opp endringar. Dette er det same som Rediger → Spor endringar → Registrer.
Trykk på Vern endringar for å verna registreringa med eit passord. Andre brukarar kan gjere endringar i dokumentet, men dei kan ikkje kople ut registreringa utan å kjenne passordet.
Vern status for endringsregistreringa med eit passord. Dersom registreringa av endringane er verna med passord, vil knappen heite Fjern vernet. Trykk på knappen og skriv inn det rette passordet for å fjerna vernet.