Celler:
Talet på celler med innhald i fila.
Formelgrupper:
Talet på samanhengande område i ein kolonne med same formel.
Bilete:
Talet på bilete i fila. Statistikken tek ikkje med bilete som vart sette inn som OLE-objekt.
OLE-objekt:
Talet på OLE-objekt i fila, medrekna tabellar og grafikk som er sett inn som OLE-objekt.
Avsnitt:
Talet på avsnitt, også blanke avsnitt, i fila.
Ord:
Talet på ord, også ord med éin bokstav, i fila.
Teikn:
Talet på teikn, også mellomrom, i fila. Teikn som ikkje kan skrivast ut vert ikkje tekne med.
Teikn utan mellomrom:
Talet på teikn, mellomrom vert ikkje talde, i fila. Teikn som ikkje kan skrivast ut vert ikkje tekne med.
Linjer:
Tal på linjer i fila.
Oppdater
Oppdaterer statistikkane.