LibreOffice 25.2 Hjelp
Inneheld grunnleggjande informasjon om fila.
Viser filnamnet.
Viser filtypen for det gjeldande dokumentet.
Viser stien og namnet på mappa der fila er lagra.
Viser storleiken på dokumentet i byte.
Viser dato, klokkeslett og forfattar då fila vart lagra første gong.
Viser dato, klokkeslett og forfattar då fila sist vart lagra i eit LibreOffice-filformat.
Viser malen som vart brukt for å laga fila.
Viser dato og klokkeslett for då fila sist vart digitalt signert og namnet på personen som signerte dokumentet.
Opnar dialogvindauget Digitale signaturar, der du kan handsama digitale signaturar for dokumentet.
Viser dato, klokkeslett og brukarnamn då fila sist vart skriven ut.
Når eit dokument er skrive ut, må det lagrast for å laggja inn data om sist utskrive. Det vert ikkje gjeve noko åtvaring om dette dersom dokumentet vert lukka utan lagring.
Viser kor lenge fila har vore open for redigering sidan fila vart oppretta. Redigeringstida vert oppdatert når du lagrar fila.
Viser kor mange gongar fila har vorte lagra.
Lagrar fullt namn på brukaren saman med fila. Du kan endra namnet ved å velja → LibreOffice → Brukarinformasjon.
Tilbakestill endringstidspunktet til null, datoen for oppretting av dokumentet til dagens dato og klokkeslett og versjonnummeret til «1». Endrings- og utskriftsdatoane vert også sletta.
Lagrar ein miniatyr i PNG-format inne i dokumentet. Dette biletet kan ved bestemte vilkår verta brukt av filhandsamaren.
Du kan slå av opprettinga av miniatyrar generelt ved å velja Generate Thumbnail. Viss denne eigenskapen har verdien true, dobbeltklikk på han for å setja verdien til false.
. Trykk på knappen og søk etterMerk av i denne boksen for å velja den føretrekte biletoppløysninga i punkt per tomme, som vert brukt som standard når eit bilete vert sett inn i eit Writer-, Impress- eller Draw-dokument og endra storleiken på det i høve til verdien i listeboksen.