Skildring

Inneheld skildringar av dokumentet.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Fil → Eigenskapar → Skildring


Tittel

Skriv inn ein tittel på dokumentet.

Emne

Skriv inn eit emne for dokumentet. Du kan bruka emne til å gruppera dokument med liknande innhald.

Nøkkelord

Skriv inn orda du vil bruka som nøkkelord for innhaldet i dokumentet. Nøkkelorda må skiljast med komma. Eit nøkkelord kan innehalda blanke teikn og semikolon.

Kommentarar

Skriv inn kommentarar for å gjera det lettare å identifisera dokumentet.

tip

Tittel, Emne og Nøkkelord vert eksporterte til PDF-filer som eigenskapar i PDF-dokumentet. Innskrivne verdiar vert eksporterte og vert viste i dei tilsvarande felta i «PDF Document Properties Description».


Støtt oss!