Eksporter

Lagra dokumentet med eit anna namn og format.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Fil → Eksporter

Frå brukargrensesnittet med faner:

Vel Fil → Eksporter

Frå verktøylinjer:

Ikon Eksporter

Eksporter


tip

Til skilnad frå Lagra som lagrar Eksporter ein kopi av dokumentet i ei ny fil med det valde formatet. Det gjeldande dokumentet vert ikkje endra i økta.


Eksportkommandoen opnar eit dialogvindauge der du kan skrive inn namn og format på fila som skal eksporterast.

Fildialogar – for eksempel Opna, Lagra som og liknande – er tilgjengeleg på to ulike måtar:

Bruk LibreOfficeGenerelt for å skifta frå det eine til det andre.

Mappeval

Plukk den mappa du vil ha frå nedtrekkslista eller skriv inn stinamnet. Du kan bruka funksjonen Autofullfør for å gjera det enklare å skriva.

Bruk dialogvindauget Filtenester for å kopla deg til ein tenar.
Vel ei overordna mappe frå mappestien med Ikon opne.

Legg ei undermappe til gjeldande mappe med Lag ei ny mappe.

Filnamn

Skriv inn eit filnamn eller ein sti til fila. Du kan også skriva inn ei internettadresse.

Filformat

Vel kva filformat du vil lagra dokumentet i. Berre dokument av denne filtypen vert viste i visingsområdet. Filtypane er forklarte i Informasjon om import- og eksportfilter.

Automatisk filnamn

Tving fram Open Document Format (ODF) når det er avmerkt.

Utval

Eksporterer berre dei valde bileta i LibreOffice Draw og Impress til andre format. Om det ikkje er merkt av i denne boksen, vert heile dokumentet eksportert.

note

Eksporterer du til ein dokumentfiltype, vert heile dokumentet eksportert.


Eksporter

Lagrar fila.

Støtt oss!