Lagra ein kopi

Lagra ein kopi av det gjeldande dokumentet med eit anna namn eller ei anna plasering.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Fil → Lagra ein kopi,

Frå brukargrensesnittet med faner:

Vel Fil, langt klikk på Lagra og vel så Lagra ein kopi.

Frå verktøylinjer:

Ikon Lagra ein kopi

Lagra ein kopi


Lagar ei anna fil med same innhaldet som den gjeldande fila. Den gjeldande fila er framleis ope for redigering.

Fildialogar – for eksempel Opna, Lagra som og liknande – er tilgjengeleg på to ulike måtar:

Bruk LibreOfficeGenerelt for å skifta frå det eine til det andre.

Mappeval

Plukk den mappa du vil ha frå nedtrekkslista eller skriv inn stinamnet. Du kan bruka funksjonen Autofullfør for å gjera det enklare å skriva.

Bruk dialogvindauget Filtenester for å kopla deg til ein tenar.
Vel ei overordna mappe frå mappestien med Ikon opne.

Legg ei undermappe til gjeldande mappe med Lag ei ny mappe.

Filnamn

Skriv inn eit filnamn eller ein sti til fila. Du kan også skriva inn ei internettadresse.

Filtype

Vel kva filformat du vil lagra dokumentet i. Berre dokument av denne filtypen vert viste i visingsområdet. Filtypane er forklarte i Informasjon om import- og eksportfilter.

Lagra med passord

Vern fila med eit passord. Passordet må skrivast inn kvar gong ein brukar skal opna fila.

note

Berre dokument som brukar det LibreOffice XML-baserte formatet kan lagrast med eit passord.


Automatisk filnamn

Tving fram Open Document Format (ODF) når det er avmerkt.

Krypter med GPG-nøkkel

Bruk OpenGP sine offentlege nøklar for å kryptere dokumenta.

Lagra

Lagrar fila.

Støtt oss!