LibreOffice 7.1 Hjelp
Opnar ei lokal eller ekstern fil eller importerer ei.
LibreOffice brukar filhandsamaren i vindaugehandteraren i operativsystemet for kommandoen
.Viss fila du vil opna inneheld stilar, gjeld spesielle reglar.
Viser filene og mappene i den mappa du er i. For å opna ei fil, merk fila og trykk Opna.
Du kan opna fleire dokument på same tid ved å halda nede Cmd Ctrl medan du merkjar filene. Trykk deretter Opna.
Dialogvindauga for filhandsaming har i dei moderne datamaskinane mange funksjonar for å handsama filer. I dei fleste kan du gje filene nytt namn, slette og oppretta filer, sortera fillister, vise filer og mapper i ikon-, tre- eller listevising, gå gjennom mappetreet for filsystemet og mykje meir. Trykk på høgre museknapp for å få opp ei liste over kva du kan gjera med dei merkte filene i visingsområdet.
Skriv inn eit filnamn eller ein sti til fila.
Desse funksjonane er tilgjengelege i dialogvindauget:
Viss det er fleire versjonar av fila du opnar, vel kva versjon du vil opna. Du kan lagra og organisera fleire versjonar av eit dokument ved å velja Fil → Versjonar. Dei ulike versjonane vert opna skriveverna.
Merk filtypen som du vil opna, eller vel Alle filer (*) for å vise ei liste over alle filene i katalogen.
Opnar det valde dokumentet (evt. dokumenta).
Dersom du opna dialogvindauget ved å velja Set inn → Fil, vert Opna-knappen kalla Set inn. Set den valde fila inn i dokumentet der skrivemerket står.
Opna fila i skriveverna modus.
Speler av lydfila. Trykk igjen for å stoppa avspelinga.
LibreOffice kjenner igjen malar som finst i kva katalog som helst i denne lista:
I mappa delte malar,
- mappa brukardefinerte malar, - heimemappene - mappa Dokument og innstillingar
og alle malmapper som er definerte i LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → LibreOffice → Stiar.
Når du brukar brukarmappa for malar. Når du opnar eit dokument som er basert på ein slik mal, vert dokumentet kontrollert for å sjå om det er endringar i malen slik som omtalt nedanfor. Malen som vert knytt til dokumentet vert av og til kalla ein «fast mal».
for å lagra ein mal, vert malen lagra iNår du brukar ikkje finst i lista, vert dokumenta som er baserte på denne lista ikkje kontrollerte.
og vel ei malfil for å lagra malen i ei mappa somNår du opnar eit dokument som er laga frå ein «fast mal» (sjå omtale ovanfor), vil LibreOffice kontrollera om malen er endra sidan sist dokumentet vart opna. Viss malen er endra, vil det koma opp eit dialogvindauge der du kan velja kva stilar som skal nyttast i dokumentet.
Trykk på Oppdater stilar for å bruka dei nye stilane frå malen i dokumentet.
Trykk på Hald fram med gamle stilar for å bruka dei stilane som var i dokumentet frå før.
Viss eit dokument som er oppretta frå ein mal som ikkje lengre finst, vert det vist eit dialogvindauge der du kan velja kva som skal gjerast neste gong dette dokumentet vert opna.
For å bryte koplinga mellom dokumentet og den manglande malen, trykkjer du på Nei. Elles vil LibreOffice leita etter malen neste gong du opnar dokumentet.