Innstillingar

Skriv inn tilleggsinnstillingar for etikettane eller visittkorta, også tekstsynkronisering og skrivaroppsett.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel fana Fil → Ny(tt) → Etikettar → Innstillingar

Frå brukargrensesnittet med faner:

Langklikk på ikonet Ny på fana Fil og vel >Etikettar → Innstillingar.

Vel fana Ny → Etikettar → Innstillingar på programmenyen (til høgre).

Vel fana Ny → Etikettar → Innstillingar i fana Fil på menyen Fil.


Heile sida

Lagar ei full side med etikettar eller visittkort.

Éin etikett

Skriv ut ein enkeltetikett eller eit enkelt visittkort på ei side.

Kolonne

Skriv inn kva kolonne du vil setja etiketten eller visittkortet inn i.

Rad

Skriv inn kva rad du vil setja etiketten eller visittkortet inn i.

Synkroniser innhaldet

Let deg redigera ein etikett eller eit visittkort. Når du trykkjer Synkroniser-knappen vert innhaldet i dei andre etikettane eller visittkorta på sida oppdaterte.

Synkroniser etikettar

Knappen Synkroniser etikettar er berre synleg i dokumentet når du har vald Synkroniser innhaldet på fana Val då du oppretta etikettane eller visittkorta.

Kopierer innhaldet i etiketten eller visittkortet øvst til venstre til dei andre etikettane eller visittkorta på sida.

Skrivar

Viser namnet på den valde skrivaren.

Oppsett

Opnar dialogvindauget Skrivaroppsett.

Nytt dokument

Lagar eit nytt dokument som du kan redigera.

Støtt oss!