LibreOffice 7.5 Hjelp
Vel innstillingar for val av papirformat.
Viser avstanden mellom dei venstre kantane av etikettar eller visittkort som ligg ved sida av kvarandre. Skriv inn ein verdi her viss du lagar eit eigendefinert format.
Viser avstanden mellom den øvre kanten av ein etikett eller eit visittkort og den øvre kanten av etiketten eller visittkortet rett nedanfor. Viss du definerer eit tilpassa format, skriv inn ein verdi her.
Viser breidda til etiketten eller visittkortet. Skriv inn ein verdi her viss du lagar eit eigendefinert format.
Viser høgda til etiketten eller visittkortet. Skriv inn ein verdi her viss du lagar eit eigendefinert format.
Viser avstanden mellom venstre kant på sida og venstre kanten av den første etiketten eller visittkortet. Skriv inn ein verdi her viss du lagar eit eigendefinert format.
Viser avstanden mellom toppen av sida og øvre kanten av den første etiketten eller visittkortet. Skriv inn ein verdi her viss du lagar eit eigendefinert format.
Skriv inn kor mange etikettar eller visittkort du vil spenna ut ved sida av kvarandre i breidda på kvar side.
Skriv inn kor mange etikettar eller visittkort du vil spenna ut over kvarandre i høgda på kvar side.
Viser breidda på det valde papirformatet. Viss du definerer eit tilpassa format, skriv inn ein verdi her.
Viser høgda på det valde papirformatet. Skriv inn høgda her om du vil velja eit eige papirformat.
Lagrar etikett- eller visittkort-formatet.
Skriv inn eller vel kva varemerke du vil ha.
Skriv inn eller vel ein etikettype.