Etikettar

Lag etiketteksten og vel papirstorleik for etiketten.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Fil → Ny(tt) → Etikettar → Etikettar


Inskripsjon

Skriv eller set inn teksten som du vil ha på etikettane.

Etikettekst

Skriv inn teksten du vil ha på etiketten. Du kan også setja inn eit databasefelt.

Adresse

Lagar ein etikett med svaradressa di. Tekst som alt er i etikettekst-boksen vert overskrive.

Merknadsikon

For å endra returadressa di, vel > → >LibreOffice og gå til fana Brukarinformasjon.


Database

Vel databasen du ønskjer å bruka som datakjelde for etiketten.

Tabell

Vel databasetabellen som har dei felta du vil bruka i etiketten din.

Databasefelt

Vel databaseformatet du ønskjer å bruka og trykk på pila til venstre for denne boksen for å setja feltet inn i Etikettekst-boksen.

Namnet på databasefeltet er avgrensa av parentesar i feltet Etikettekst. Viss du vil, kan du skilja databasefelt med mellomrom. Trykk Enter for å setja inn eit databasefelt på ei ny linje.

Format

Du kan velja eit førehandsdefinert storleiksformat, eller velja eit nytt under fana Format.

Samanhengande

Skriv ut etikettar på samanhengande ark.

Ark

Skriv ut etikettar på eigne ark.

Merke

Vel kva for papir du vil bruka. Alle papirtypar har eigne storleiksformat.

Type

Vel storleiksformatet du ønskjer å bruka. Dei tilgjengelege formata er avhengige av merket du har vald i lista over Merke. Viss du ønskjer å bruka eit tilpassa etikettformat, vel [brukar] og trykk på Format-fana.

Info

Papirtypen,dimensjonane for etiketten og etikettrutenettet vert viste nedst i Format-området.

Støtt oss!