Vis og gøyma fastsette vindauge

Alle fastsette vindauge har ein knapp til å styra visinga av vindauget.

Du kan visa eller gøyma vindauget ved å trykkja på knappen.

Automatisk vising og gøyming av fastsette vindauge

Du kan klikka på kanten av eit gøymt fastsett vindauge for å opna det.

Det fastsette vindauget lukkar seg av seg sjølv når du flyttar musepeikaren utanfor vindauget.

Fleire fastsette vindauge fungerer som eitt når automatisk vising og gøyming er på.

Dra og slepp

Dersom du dreg eit objekt over kanten til eit gøymt fastsett vindauge, opnar vindauget seg automatisk.

Støtt oss!