ASCII-filterinnstillingar

Du kan velja kva eigenskapar som svert importert og eksportert med tekstdokument, for eksempel skrift, språk, teiknsett og skift. Dialogvindauget vert vist når du opnar ei ASCII-fil med filteret «Koda tekst» når du lagrar eit dokument første gongen eller når du vel «Lagra som» for å lagra det med eit anna namn.

For å bruka denne funksjonen …

Menyen Fil → Opna, filtypen Koda tekst er vald.

Menyen Fil → Lagra som, filtypen Koda tekst er vald.


Eigenskapar

Vel innstillingar for import eller eksport av fila. Ved eksport kan du berre velja teiknsett og avsnittsskift.

Teiknsett

Vel teiknsettet for fila som skal eksporterast eller importerast.

Ta med merkje for byte-rekkjefølgje

Berre for Unicode-teiknsett er eit byterekkjefølgjemerke (BOM, Byte Order Mark)) ein sekvens av byte som vert brukte til å indikera Unicode-koding av ei tekstfil. Å bruka UTF-8 BOM er valfritt sidan sekvensen kan laga problem spesielt i eldre program som ikkje er utvikla for å handsama UTF-8.

Standardskrifter

Dersom du vel ei standardskrift, bestemmer du at teksten skal visast med ei bestemt skrift. Standardskriftene kan berre veljast ved import.

Språk

Vel kva for språk denne teksten er skrive på, viss dette ikkje er valt frå før. Denne innstillinga er berre tilgjengeleg ved importering.

Avsnittsskift

Vel kva type avsnittsskift som skal brukast for tekstlinjer.

CR & LF

Brukar både vognretur og linjeskift som avsnittsskift. Dette er standardvalet.

CR

Brukar berre vognretur som avsnittsskift.

LF

Brukar berre linjeskift som avsnittsskift.

Støtt oss!