Tekstimport

Set innstillingane for oppdeling av data, slik dei skal brukast ved import.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Fil → Opna → Filtype, og så Tekst CSV.

Vel Data → Tekst til kolonnar (Calc).

Kopier data til utklippstavla og vel så Rediger → Lim inn utval → Lim inn utval (Calc).


Importer

Teiknsett

Vel kva teiknsett som skal brukast i importfila.

Språk

Bestemmer korleis talstrengar skal importerast.

Dersom språket er sett til standard (for CSV-import) eller automatisk (for HTML-import), vil Calc bruka det språket som er sett som globalt. Dersom det er oppgjeve eit spesifikt språk, vert dette språket brukt ved import av tal.

Når eit HTML-dokument vert importert, kan språkinnstillingane lett koma i konflikt med den globale innstillinga Bruk 'Engelsk (USA)' lokalt for tal. Den globale innstillinga for HTML gjeld berre når det er vald automatisk språksetjing. Dersom du vel eit bestemt språk i dialogvindauget for HTML-import, vert dei globale innstillingane for HTML ignorerte.

Frå rad

Avgjer kva rad du vil starta importen ved. Radene er synlege i førehandsvisingsvindauget nedst i dialogvindauget.

Innstillingar for skiljeteikn

Vel om dataa skal skiljast med skiljeteikn eller faste breidder.

Fast breidd

Del data med fast breidd (like mange teikn) inn i kolonnar. Trykk på linjalen i førehandsvisingsvindauget for å avgjera breidda.

Skild med

Vel skiljeteiknet som skal brukast i dataa dine.

Tabulator

Del data som er skilde med tabulator inn i kolonnar.

Semikolon

Del data som er skilde med semikolon inn i kolonnar.

Komma

Del data som er skilde med komma inn i kolonnar.

Mellomrom

Del data som er skilde med mellomrom inn i kolonnar.

Anna

Del data inn i kolonnar ved å bruka deleteiknet du har oppgitt. Merk: Dette teiknet må også vera i dataa dine.

Slå saman skiljeteikn

Kombiner samanhengande skiljeteikn og fjern tomme datafelt.

Trim mellomrom

Fjernar mellomrom i byrjinga og slutten i eit datafelt.

Strengskiljeteikn

Vel eit teikn som skal brukast til å skilje ut tekstdata. Du kan også skriva inn eit teikn i skrivefeltet.

Andre innstillingar

Set ein del andre importinnstillingar.

Formater sitatfelt som tekst

Når denne innstillinga er slått på, vert felt og celler der innhaldet er skrive mellom sitatteikn (der første og siste teiknet i strengen er lik skiljeteiknet) importerte som tekst.

Sjekk spesialområde

Når dette alternativet er slått på, vil Calc automatisk oppdaga alle talformat, inkludert spesielle talformat som datoar og klokkeslett. Vitskaplege notasjonar vert også oppdaga sidan alternativet Oppdag vitskapeleg notasjon må vera slått på samstundes.

Sidan ulike språk og ulike regionar har ulike reglar for talformatering, vil det valde språket påverka korleis desse tala vert identifiserte.

Når dette valet ikkje er slått på, vil Calc kjenna igjen og omforma berre desimaltal. Oppdaginga av tal skrivne i vitskapleg notasjon er avhengig av om Oppdag vitskapleg notasjon er slått på eller ikkje. Resten vert importerte som tekst. Ein desimaltalstreng kan innehalda sifra 0-9, tusenskiljeteikn og eit desimalteikn. Kva for tusenskiljeteikn og desimalteikn som vert brukte, er avhengig av kva språk og region som er vald.

Oppdag vitskapleg notasjon

Når dette alternativet er slått på vil Calc automatisk oppdaga tal med vitskapeleg notasjon, som 5E2 for 500.

Korleis vitskapeleg notasjon vert oppdaga er avhengig av det valde språket, sidan ulike språk og regionar kan ha ulike desimalskiljeteikn.

Dette alternativet kan berre slåast av viss Oppdag spesielle tal er slått av tidlegare.

Når dette valet er slått av, vil Calc kjenna igjen og omforma berre desimaltal. Andre tal vert importerte som tekst. Eit desimaltal kan innehalda sifra 0-9, tusenskiljeteikn og desimalteikn. Kva for skiljeteikn som vert brukte, er avhengig av kva språk og region som er vald.

Hopp over tomme celler

Tilgjengeleg når du brukar Lim inn utval: når dette valet er slått på, vil Calc behalda innhaldet i cellene når du limer inn tomme celler i dei. Elles vil Calc sletta innhaldet i cellene.

Når Tekst til kolonnar er brukt og dette valet er slått av, vert den første kolonnen tom dersom celleinnhaldet byrjar med eit skiljeteikn.

Evaluera formlar

Bestemmer om formeluttrykk som byrjar med eit = (likskapsteikn) skal evaluerast som formlar eller importerast som tekstdata. Viss det er merkt av for det, vert inndata evaluert som formel, elles som tekst.

Felt

Viser korleis dataa vil sjå ut når dei er delte opp i kolonnar.

Kolonnetype

Vel ein kolonne i førehandsvisingsvindauget og vel kva datatype som skal brukast på dei importerte dataa. Du kan velja mellom desse alternativa:

Type

Funksjon

Standard

LibreOffice vel typen.

Neste

Importerte data vert handsama som tekst.

Dato (DMÅ)

Brukar eit datoformat (dag, månad, år) på dei importerte dataa i kolonnen.

Dato (MDÅ)

Brukar eit datoformat (månad, dag, år) på dei importerte dataa i kolonnen.

Dato (ÅMD)

Brukar eit datoformat (år, månad, dag) på dei importerte dataa i kolonnen.

Engelsk (USA)

Tal som er formaterte på amerikansk engelsk måte vert tekne med uansett kva språk som er brukt i systemet. Noko talformat vert ikkje brukt. Dersom det ikkje finst nokon tal med amerikansk engelsk format, vert standardformatet brukt.

Gøym

Dataa i kolonnen vert ikkje importerte.


Dersom du har vald eit av datoformata DMÅ, MDÅ eller ÅMD, og skriv inn tala utan skiljeteikn, vert tala tolka slik:

Tal på teikn

Datoformat

6

Grupper av to teikn vert brukte til dag, månad og år i den valde rekkjefølgja.

8

Fire teikn vert brukte til året, to kvar for månad og dag, i den valde rekkjefølgja.

5 eller 7

Som med 6 eller 8 teikn men den første delen av sekvensen har eitt teikn mindre. Dette vil fjerna ein foranstilt null for månad og dag.


tip

Dersom du vil ha med førestilt null i dataa du skal importera, for eksempel i postnummer, bør du bruka formatet «Tekst» på kolonnen.


Førehandsvising

Viser korleis den importerte teksten vil sjå ut etter at han er oppdelt i kolonnar. Klikk på ein kolonne og vel kolonnetype for å velja kva format kolonnen skal ha ved importering. Når du vel ein kolonnetype, vil overskrifta på kolonnen visa kva format som er vald.

Dersom du vil bruka fast kolonnebreidd til å skilja dei importerte dataa i kolonnar, kan du velja grenser ved å klikka i linjalen.

Støtt oss!