LibreOffice 24.8 Hjelp
Dialogvindauget Eksporter tekstfiler gjev deg høve til å definera eksportalternativa for tekstfiler. Dialogvindauget vert opna dersom du lagrar reknearket som «Tekst CSV» og det er kryssa av for Rediger filterinnstillingane i vindauget Lagra som.
Vel teikn for feltgrense og tekstgrense og teiknsett som skal brukast til teksteksport.
Vel teiknsettet for tekst-eksport.
Vel eller skriv inn feltskiljeteikn, som skil datafelt frå kvarandre.
Vel eller skriv inn tekstskiljeteikn som omsluttar alle datafelt.
Eksporter alle tekstcellene med hermeteikn framføre og etter slik som dei er sette i feltet for skiljeteikn. Dersom denne ikkje er merkt, vert berre dei tekstcellene som inneheld feltskiljeteikn sett mellom hermeteikn.
Denne er normalt avkryssa og gjer at data vert lagra slik dei vert viste, inklusivt det brukte talformatet. Dersom denne ikkje er avkryssa, vert dataa lagra slik som i tidlegare utgåver av programmet.
Lagrar du celleinnhaldet som vist, kan talformatet gjera at verdiane ikkje kan verta tolka som talverdiar når dei vert importerte igjen.
Eksporterer alle datafelta med ei fast breidd.
Breidda på eit datafelt i den eksporterte tekstfila vert sett til breidda på den tilsvarande kolonnen.
Verdiar vert eksporterte i det formatet som vert vist i cella.
Dersom ein verdi er lengre enn den faste kolonnebreidda, vert han eksportert som ein ###-streng.
Dersom ein tekststreng er lengre enn den faste kolonnebreidda, vert den siste delen kutta av.
Justeringane Venstrejustert, Midtstilt og Høgrejustert vert viste med mellomromsteikn.