Eksportinnstillingar for grafikk

Definerer eksportinnstillingar for grafikk.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Fil → Eksporter, Vel ein grafikkfiltype. Dialogvindauget vert opna når du har klikkaLagra.


Når du eksporterer grafiske element til ei fil, kan du velja filtype. For dei fleste støtta filtypane vert det opna eit dialogvindauge der du kan setja eksportinnstillingane.

Desse filtypane vert ikkje viste i dialogvindauget for eksportinnstillingar for grafikk: RAS, SVG, TIFF, XPM.

Dei andre filtypane viser dialogvindauge der du kan setja inn breidd og høgd for biletet som skal eksporterast.

Avhengig av filtypen, kan du her spesifisera fleire innstillingar. Trykk Shift + F1 og før markøren over kontrollelementet for å sjå ein utvida hjelptekst.

Breidd

Spesifiserer breidda.

Høgd

Spesifiserer høgda.

Oppløysning

Skriv inn biletoppløysinga. Vel måleeining frå listeboksen.

Fleire val

For JPEG-filer kan du stilla inn fargedjupn og kvalitet.

For BMP-filer kan du setja kompresjonen og RLE-kodinga.

Du kan betsemme kodinga for PBM-, PGM- og PPM-filer.

For PNG-filer kan du setja komprimering og modus for gradvis innlesing.

For GIF-filer kan du setja gjennomsikt og modus for gradvis innlesing.

For EPS-filer kan du setja førehandsvisinga, fargeformatet, komprimeringa og versjonen.

Du kan lesa meir om filter i Informasjon om import- og eksportfilter.

Støtt oss!