Om import- og eksportfilter

I LibreOffice kan du både lagra filer i dei eigne XML-formata og mange andre XML-format.

Det kan vera tilfelle der du må velja filtypen sjølv i dialogvindauget Opna. Dette kan for eksempel vera om du har ein databasetabell på tekstform og vil opna denne som ein databasetabell. Du må då velja filtypen «Tekst, CSV» etter at du har merkt fila.

BASIC-makroar i Microsoft Office-dokument

I Last inn / Lagra → VBA-eigenskapar kan du velja innstillingar for VBA-makroane som finst i nokre MS Office-dokument. VBA-makroar kan ikkje køyrast i LibreOffice, men må først konverterast og tilpassast. Ofte vil du berre bruka LibreOffice til å endra på innhaldet i Word-, Excel- eller PowerPoint-filer og så lagra dei igjen utan å endra på makroane. Du kan velja korleis LibreOffice skal handsama slike dokument: VBA-makroane kan lagrast som kommentarar i ein LibreOffice-makro, slik at dei kan leggjast tilbake uendra når dokumentet vert lagra i MS Office-format igjen. Du kan òg velja å fjerna MS Office-makroane heilt når fila vert opna. Dette er ein nyttig måte å verna seg mot virus i Microsoft Office-dokument på.

Merknadar om eksterne format og filtypar

Sjølv om dei ikkje er installerte, kan enkelte filter veljast i dialogvindauga Opna og Lagra. Dersom du vel eit slikt filter, vil du få melding om at du kan installera filteret dersom du treng det.

Tipsikon

Med filteret Tekst, koda kan du opna og lagra tekstdokument med andre tekstkodingar. Filteret opnar eit dialogvindauget der du kan velja teiknsett, standardskrift, språk og avsnittsskift.


Importera og eksportera i HTML-format

Med LibreOffice Writer kan du setja inn fotnotar og sluttnotar i HTML-dokument. Dei vert eksporterte som metataggar. Fotnote- og sluttnoteteikna vert eksporterte som hyperlenkjer.

Merknadar vert brukt for å leggja til ukjende teikn i HTML-dokument. Alle merknadar som byrjar med «HTML …» og sluttar med «>» vert handterte som HTML-kode men vert eksporterte utan desse nemningane. Det er råd å ha fleire taggar omkring teksten etter «HTML …». Teikn med aksent vert konverterte til ANSI-teiknsettet. Ved import vert det oppretta merknadar for eksempel for meta-taggar, som ikkje har eigen plass i dokumentinformasjonen, eller for ukjende taggar.

HTML-importeringa i LibreOffice Writer er i stand til å lesa filer i teiknkodingane UTF-8 og UCS2. Alle teikna i ANSI-teiknsettet eller teiknsettet til systemet kan visast.

Ved eksport til HTML vert teiknsettet som er vald i → Last inn / lagra → HTML-samspel brukt. Teikn som ikkje er med der vert skrivne på ein alternativ måte som moderne nettlesarar skal forstå. Når slike teikn vert eksporterte, får du ei åtvaring.

Dersom du har vald Mozilla Firefox, MS Internet Explorer eller LibreOffice Writer som eksportval i → Last inn / lagra → HTML-kompabilitet, vert all viktig skriftformatering eksportert som direkte formatering (for eksempel tekstfarge, skriftstorleik, halvfeit skrift, kursiv, osv.) i CSS 1-stilar. (CSS står for «Cascading Style Sheets», stilark). Import tek òg omsyn til denne standarden.

Eigenskapen «font» vert brukt på same måte som i Mozilla Firefox. Dette betyr at du kan setja inn verdiar for «font-style», (italic, none), «font-variant» (normal, small-caps) og «font-weight» (normal, bold) framføre skriftstorleiken.

Dersom LibreOffice Writer er vald som eksportalternativ, vert storleiken på kontrollfelta og dei interne margane deira eksporterte som stilar (utskriftsformat). Storleikseigenskapane i CSS1 er basert på verdiane «width» og «height». Eigenskapen «margin» vert brukt til å laga lik marg på alle sidene. Dersom margane skal vere ulike, kan ein bruka eigenskapane «margin-left», «margin-right», «margin-top» og «margin-bottom».

Avstandane mellom grafikk og programtilleg-modular til innhaldet kan setjast individuelt for eksport til LibreOffice Writer. Viss øvre/nedre eller høgre/venstre marg er sett ulike, vert avstandane eksporterte i eit «STIL» -alternativ for den tilsvarande taggen i storleikseigenskapane i CSS1: «Margin-Top», «Margin-Bottom», «Margin-Left» og «Margin-Right».

Støtte for tekstrammer vert utført ved å bruka CSS1-utvidingane for absolutt plassering av objekt. Dette gjeld berre for eksportalternativa for Mozilla Firefox og LibreOffice Writer. Tekstrammer kan justerast som grafiske objekt, og flytande rammer, men ikkje teiknlenkja rammer.

Tekstrammer vert eksporterte som «<SPAN>»- eller «<DIV>»-taggar dersom dei ikkje inneheld spalter. Inneheld dei spalter, vert dei eksporterte som «<MULTICOL>».

Den måleeininga som er vald i LibreOffice vert brukt til CSS 1-eigenskapar ved HTML-eksport. Ulike einingar kan veljast for tekst- og HTML-dokument under → LibreOffice Writer → Generelt eller → LibreOffice Writer/Web → Vis. Talet på desimalplassar er avhengig av kva måleeining som er vald.

Måleeining

Namn på måleeining i CSS 1

Høgste tal på desimalplassar

Millimeter

mm

2

Centimeter

cm

2

Tommar

in

2

Pica

pc

2

Punkt

pt

1


Nettsidefilteret i LibreOffice støtter visse funksjonar i CSS2 dersom du aktiverer eksport av utskriftoppsettet i → Last inn/lagra → HTML-kompatibel. Du kan då setja ulike sidestorleikar og margar for den første sida og for høgresider og venstresider.

Importera og eksportera nummerering

Dersom eksportinnstillinga i → Last inn /lagra → HTML-kompatibilitet er sett til "LibreOffice Writer", vert innrykkinga av nummereringar eksportert som ein «margin-lef» CSS1-eigenskap i STYLE-attributtet for <OL> og <UL> taggane. Eigenskapen indikerer skilnaden i høve til innrykket på neste høgare nivå.

Venstreinnrykk av nummerering vert gjort med CSS1-eigenskapen «margin-left». Det vert ikkje teke omsyn til innrykk av den første linja ved nummerering, og slike innrykk vert heller ikkje eksporterte.

Importera og eksportera rekneark

LibreOffice kan importera og eksportera referansar til sletta delar av reknearket, slik som for eksempel kolonnar. Heile formelen kan visast under eksporten, og då vil du sjå at slike referansar er markerte med #REF!. Tilsvarande vert det sett inn #REF! for referansar ved import.

Importera og eksportera biletfiler

Når du skal opna biletfiler, kan du velja mellom ulike filter med eller utan (LibreOffice Impress) i filternamnet, akkurat som for HTML-dokument. Dersom du vel filteret utan LibreOffice Impress i namnet, vert fila opna i LibreOffice Draw. Viss ikkje, vert filer frå gamle programversjonar opna i LibreOffice Impress.

Når du importerer ei EPS-fil, vert ei førehandsvising av biletet vist i dokumentet. Dersom det ikkje finst noka førehandsvising, får du berre sjå ein plasshaldar der biletet skal stå i dokumentet. I Unix og Microsoft Windows kan du skriva ut den importerte fila på ein PostScript-skrivar. Når EPS-bilete vert eksporterte, vert det laga ei førehandsvising i TIFF- eller EPSI-format. Dersom eit EPS-bilete vert eksportert som EPS saman med andre bilete, vert fila lagd inn uendra i den nye fila.

TIFF-bilete kan ha fleire sider når bilete vert importerte eller eksporterte i TIFF-format. Slik kan fleire bilete, for eksempel alle sidene til ein faks, samlast i éi fil.

Du har tilgang til nokre av innstillingane i LibreOffice Draw og LibreOffice Impress gjennom Fil → Eksporter. Sjå Innstillingar for grafisk eksport for meir om dette.

PostScript

Eksportera eit dokument eller bilete som PostScript:

  1. Dersom du ikkje har gjort det før, må du installera ein PostScript-drivar til skrivaren, som for eksempel ein Apple LaserWriter-drivar.

  2. Skriv ut dokumentet med menyvalet Fil → Skriv ut.

  3. Vel PostScript-skrivaren i dialogvindauget og kryss av for Skriv ut til fil. Då vert det laga ei PostScript-fil.

Støtt oss!