Sprettoppmenyar

Klipp ut

Klipper ut det valde objektet og legg det på utklippstavla. Objektet kan hentast inn att frå utklippstavla med Lim inn.

Lim inn

Limer elementet du flytta til utklippstavla inn i dokumentet. Denne kommandoen kan berre brukast dersom innhaldet på utklippstavla kan setjast inn der skrivemerket står.

Set inn

Opnar ein undermeny i galleriet der du kan velja mellom Kopier og Lenk. Det valde galleriobjektet vert så anten kopiert eller lenkja inn i dokumentet.

warning

Dersom du har merkt eit objekt i dokumentet, vert det nye objektet du set inn bytt ut med det merkte objektet.


Bakgrunn

Bruk det valde biletet som bakgrunn. Bruk undermenykommandoane Side eller Avsnitt for å velja om biletet skal dekkja heile sida eller berre gjeldande avsnitt.

Kopier

Kopierer det valde elementet til utklippstavla.

Slett

Slettar det merkte området. Har du merkt fleire objekt, vert alle sletta. I dei fleste tilfella spør programmet om stadfesting før objekta vert sletta.

Objektet er anten fysisk sletta frå datamediet eller objektvisinga er fjerna, avhengig av samanhengen.

Dersom du vel Slett medan du er i galleriet, vert objektet sletta frå galleriet, men sjølve fila vert ikkje rørt.

Opna

Bruk Opna-kommandoen til å opna det valde objektet i ei ny oppgåve.

Endra namn

Gjer det mogleg å endra namn på eit vald objekt. Etter å ha vald Endra namn vert namnet markert og du kan skriva inn eit nytt namn direkte. Bruk piltastane til å setja skrivemerket ved starten eller slutten av namnet for å sletta eller leggja til delar av namnet.

Oppdater

Oppdater visinga i vindauget eller i det valde objektet.

Førehandsvising

Det valde objektet vert vist i høgste moglege storleik i galleriet. Dobbeltklikk på førehandsvisinga for å gå tilbake til den vanlege gallerivisinga.

Lag lenkje

Denne kommandoen kan brukast når eit objekt er merkt. Ei lenkje med namnet «Lenke til xxx» (der xxx er namnet på objektet) vert laga direkte i same mappa som det valde objektet.

Støtt oss!