Generell ordliste

Denne ordlista forklarar ein del av dei vanlegaste uttrykka du finn i LibreOffice.

Du kan bruka ordlista til Ä slÄ opp ukjende ord som du finn i LibreOffice-programma.

Sprettoppmeny

Ein sprettoppmeny er ein lokal meny for eit objekt. Du opnar sprettoppmenyen til eit objekt ved Ä trykkja pÄ objketet med museknapp for Ä merkja det og sÄ . Nokre sprettoppmenyar kan verta opna sjÞlv om objektet ikkje er merkt. Du finn sprettoppmenyar overalt i LibreOffice.

ASCII

Forkorting for «American Standard Code for Information Interchange». ASCII er eit teiknsett for framvising av skrift pÄ datamaskiner. Det inneheld 128 bokstavar, tal og andre teikn. Det utvida ASCII-teiknsettet inneheld 256 teikn. Kvar teikn har sitt eige nummer, ofte kalla ASCII-kode.

I nettsider kan du ofte berre bruka 7-bits ASCII-teikn. Andre teikn, for eksempel Ê, Þ og Ä, mÄ skrivast inn med spesielle kodar. NÄr du skriv inn teikn frÄ det utvida ASCII-teiknsettet, gjer eksportfilteret i LibreOffice om slike teikn automatisk.

Bézier-objekt

Den franske matematikaren Pierre Bézier utvikla ein mÄte Ä skildra kurver pÄ matematisk. Teikneprogram brukar ofte Bézier-kurver i todimensjonale teikningar. Kurva er styrt av fire punkt: Start- og sluttposisjonen, pluss to mellompunkt. NÄr du endrar pÄ Bézier-objekt, flyttar du desse punkta med musa.

DDE

DDE stÄr for «Dynamic Data Exchange», og er ein forgjengar til OLE, «Object Linking and Embedding». Med DDE kan objekt leggjast inn som fillenkjer, men ikkje byggjast inn i dokumenta.

Du kan laga DDE-lenkjer pĂ„ denne mĂ„ten: Vel celler frĂ„ eit Calc-rekneark, kopier dei til utklippstavla og byt til eit anna rekneark der du vel Rediger → Lim inn utval. Vel Lenkje for Ă„ setja inn cellene som ei DDE-lenkje. CelleomrĂ„det vert dĂ„ lese inn frĂ„ originalfila.

Enkjer og foreldrelause

«Enkjer og foreldrelause» er uttrykk med lang typografisk tradisjon. Enkjer er korte linjer pÄ slutten av avsnitt, som hamnar Äleine pÄ toppen av ei side ved utskrift. Linjer er foreldrelause nÄr den fÞrste linja i eit avsnitt vert skriven ut Äleine nedst pÄ ei side. I LibreOffice kan du automatisk hindra slike linjer i tekstdokument med ei innstilling i avsnittsstilen. Der kan du sjÞlv velja kor mange linjer du vil halda samla pÄ ei side.

Festing (automatisk gĂžyming)

Ved dei vindaugskantane der eit vindauge er festa, kan du sjÄ ein knapp som du kan bruka til Ä visa eller gÞyma vindauget.

Festing av vindauge

Ein del vindauge i LibreOffice, for eksempel «Stilar» og dokumentstruktur, kan limast inn. Du kan flytte desse vindauga, endra storleiken pÄ dei eller lima dei til ein kant. Til kvar kant kan du lima inn fleire vindauge over og under kvarandre eller ved sida av kvarandre. Du kan endra storleiken pÄ vindauga ved Ä trekkja i rammene.

Dobbeltklikk i eit tomt omrÄde i vindauget medan du held nede -tasten for Ä frigjera eller festa vindauget igjen. I vindauget for stilhandsamaren kan du ogsÄ dobbeltklikka i den grÄ delen av vindauget ved sida av symbolet medan du held nede -tasten.

Fokus

I eit skjemadokument mÄ eit kontrollelement fÄ fokus frÄ brukaren for Ä verta aktiv og utfÞra oppgÄvene sine. For eksempel mÄ brukaren gje fokus til ein tekstboks for Ä kunna skriva inn tekst i han.

Det er mange mÄtar Ä gje fokus til eit kontrollelement pÄ:

Formatering

Med formatering meiner ein den visuelle utforminga av teksten i ein teksthandsamar eller eit DTP-program (DeskTop Publishing). Dette omfattar papirformat, sidemargar, skriftypar, skrifteffektar, innrykk, mellomrom og mykje anna. Du kan formatera tekst direkte eller med stilar leverte med LibreOffice.

Formatering direkte og med stilar

Ein stil er eit sett med formateringsattributt, gruppert og identifisert med eit namn (stilnamnet). NÄr du brukar ein stil pÄ eit objekt, vert objektet formatert med attributta sette i stilen. Fleire objekt av same natur kan ha den same stilen. NÄr du endrar settet med formateringsattributt for malen, vert alle objekta som er knytt til stilen ogsÄ endra tilsvarande. Bruk stilar til Ä formatera ei stor samling med avsnitt, celler og objekt einsarta og Ä administrera formateringa av dokument betre.

NÄr du ikkje brukar stilar og i staden brukar formateringsattributt direkte pÄ delar av teksten, kallar vi dette «direkte formatering» (ogsÄ kalla «manuell formatering»). Formateringa vert berre brukt pÄ det merkte omrÄdet i dokumentet. Viss dokumentet har fleire avsnitt, rammer eller andre objekt, brukar du direkte formatering pÄ kvart objekt. Direkte formatering er tilgjengeleg pÄ menyen «Format» og pÄ verktÞylinja for formatering.

Eit attributt for direkte formatering som vert brukt pÄ eit objekt, overstyrer det tilsvarande attributtet for stilen som er brukt pÄ objektet.

JDBC

Med JDBC («Java Database Connectivity») kan du kopla til databasar frÄ LibreOffice. JDBC-drivarane er skrivne i programmeringssprÄket Java og er plattformuavhengige.

Kerning

Kerning vil seia Ă„ gjera avstanden mellom teiknpar stĂžrre eller mindre slik at teksten totalt sett ser betre ut.

Kerningstabellane inneheld informasjon om kva for teiknpar som krev tilpassa avstand. Slike tabellar er vanlegvis innebygde i skriftene.

Kompleks tekstvising (CTL)

SprÄk med kompleks tekstvising kan ha nokre eller alle desse eigenskapane:

LibreOffice stÞttar i dag hindi, thai, hebraisk og arabisk som CTL-sprÄk.

Du kan slĂ„ pĂ„ CTL-stĂžtte i → SprĂ„kinnstillingar → SprĂ„k.

Lagra relativt og absolutt

I fleire dialogvindauge (for eksempel Verktþy → Autotekst) kan du velja om filer skal lagrast relativt eller absolutt.

Dersom du vel Ă„ lagra relativt, vert referansane til innebygde bilete eller andre objekt i dokumentet lagra relativt til plasseringa i filsystemet. DĂ„ vil det ikkje ha noko Ă„ seia kvar mappestrukturen faktisk ligg. Filene vert funne uansett kvar dei ligg, sĂ„ lenge referansen held seg pĂ„ den same stasjonen. Dette er viktig Ă„ tenkja pĂ„ dersom du skal gjera dokumentet tilgjengeleg for andre datamaskiner der mappestrukturen og stasjonane kan vera heilt annleis. Det er ĂČg lurt Ă„ lagra relativt dersom du skal leggja dokumentet ut pĂ„ Internett.

Dersom du fĂžretrekk Ă„ lagra absolutt, vert alle referansar til andre filer ĂČg lagra absolutt, med informasjon om stasjonen eller rotmappa der filene ligg. Fordelen med dette er at sjĂžlve dokumentet som inneheld referansane kan flyttast til andre mapper, utan at referansane vert ugyldige.

Lenkje

Kommandoen Eksterne lenkjer ligg i menyen Rediger. Denne kommandoen kan berre brukast nÄr det finst minst ei lenkje i dokumentet. NÄr du set inn eit objekt, for eksempel eit bilete, kan du anten kopiera det inn i dokumentet eller setja det inn som ei lenkje.

Dersom eit objekt vert set direkte inn i eit dokument, aukar storleiken pÄ dokumentfila med minst storleiken pÄ objektet. NÄr du lagrar dokumentet og opnar det pÄ ein annan maskin, vil objektet du sette inn, framleis liggja pÄ same staden i dokumentet.

Dersom du set inn objektet som ei lenkje, er det berre ein referanse til filnamnet som vert sett inn. Storleiken pĂ„ dokumentfila aukar nesten ikkje i det heile. No kan du derimot ikkje opna dokumentet pĂ„ ei anna maskin utan at den lenkte fila ligg pĂ„ nĂžyaktig same stad der ĂČg.

Bruk Rediger → Eksterne lenker for Ă„ sjĂ„ kva filer som er set inn som lenker. Du kan fjerna lenkene dersom du vil det. I sĂ„ fall vert lenkja broten og objektet vert set inn direkte.

LÄs til registerlinjene

I LibreOffice vert Ä setja i kegel kalla LÄs til registerlinjene.

«LÄs til registerlinjene» viser til det samanfallande avtrykket av linjene pÄ begge sidene av ei side. Funksjonen for «LÄs til registerlinjene» gjer det enklare Ä lesa ei side ved Ä hindra at grÄ skuggar av teksten bakfÞre skin gjennom mellom tekstlinjene. Termen «LÄs til registerlinjene» refererer ogsÄ til linjer i tekstkolonnar som ligg inntil kvarandre, der linjer i ulike kolonnar brukar det same loddrette rutenettet og sÄleis justerar dei loddrett i hÞve til kvarandre.

«LÄs til registerlinjene» er sÊrleg nyttig for dokument som har to sider ved sida av kvarandre (for eksempel i ei bok eller ein brosjyre), for utformingar med fleire kolonnar og for dokument som skal skrivast ut dobbeltsidig.

ODBC

«Open Database Connectivity» er ein vanleg protokoll som program kan bruka til Ä snakka med databasar. SpÞrjesprÄket er SQL («Structured Query Language»). I LibreOffice kan du velja for kvar enkelt database om SQL-kommandoar skal brukast til spÞrjingar. Alternativet er Ä laga spÞrjingar i det interaktive grensesnittet, slik at LibreOffice etterpÄ kan omsetja dei til SQL for deg.

OLE

OLE-objekt («Object Linking and Embedding») kan lenkjast eller byggjast inn i dokument. Innebygde objekt er kopierte inn saman med detaljar om opphavsprogrammet. Dersom du vil redigera objektet, kan du enkelt starta opphavsprogrammet ved Ä dobbeltklikka pÄ objektet.

Viss eit OLE-objekt er kopla til eit mÄldokument, mÄ mÄldokumentet vera tilgjengeleg pÄ staden som er gjeve i lenkja. Sletting eller flytting av mÄldokumentet vil gjera det urÄd Ä opna det kopla OLE-objektet. Du kan bruka Lagra nettadresser relativt til filsystemet i valet Generelt i oppfÞringa «Last inn/Lagra» for Ä setja opp systemet til Ä lagra koplingar relativt til filsystemet ditt.

Objekt

Eit objekt er eit skjermelement som inneheld data. Det kan visa til data frÄ andre program, for eksempel tekst eller bilete.

Objekt er uavhengige og pÄverkar ikkje kvarandre. Alle objekt som inneheld data kan tilordnast visse kommandoar. For eksempel har eit biletobjekt kommandoar for biletredigering, medan eit rekneark har reknekommandoar.

OpenGL

OpenGL er eit sprÄk for 3D-grafikk, opphavleg utvikla av SGI (Silicon Graphics Inc.). Det finst to dialektar i vanleg bruk: Microsoft OpenGL som er utvikla for bruk i Windows NT, og Cosmo OpenGL som er laga av SGI. Den siste er eit uavhengig grafikksprÄk for alle plattformar og alle slags datamaskiner, til og med maskiner som ikkje har spesiell maskinvare for 3D-grafikk.

PNG

PNG («Portable Network Graphics») er eit filformat for bilete. Filene vert komprimerte med ein sjÞlvvald komprimeringsfaktor, og i motsetning til JPG-formatet, vert PNG-filer alltid komprimerte utan tap av informasjon.

PrimĂŠrnĂžkkel

Ein primÊrnÞkkel tener som eintydig identifikasjon av databasefelt. Den unike identifikasjonen vert brukt i relasjonsdatabasar for Ä henta data frÄ andre tabellar. Referansar til primÊrnÞklar frÄ andre tabellar vert kalla framandnÞklar.

I LibreOffice vel du primÊrnÞkkelen i utformingsvisinga av ein tabell ved Ä velja den aktuelle kommandoen frÄ lokalmenyen i radoverskrifta til det valde feltet.

RTF

RTF («Rich Text Format», rikt tekstformat) er eit filformat som er tilpassa utveksling av tekstfiler. Ein spesiell funksjon er at formateringa vert gjort om til direkte lesbar tekstínformasjon. Diverre gjev RTF gjerne stÞrre filer enn andre filformat.

Relasjonsdatabase

Ein relasjonsdatabase er ei samling dataelement som er organiserte som eit sett formelt skildra tabellar der data kan hentast ut eller setjast saman pÄ mange ulike mÄtar utan at sjÞlve tabellane mÄ omorganiserast.

Eit relasjonsdatabasesystem (RDBMS) er eit program som lÚt deg laga, oppdatera og styra relasjonsdatabasar gjennom SQL-uttrykk frÄ brukaren eller eit program.

Eit godt eksempel pÄ ein relasjonsdatabase kan vera ein database med tabellane «Kunde», «InnkjÞp» og «Faktura». I fakturatabellen ligg det ingen data om kundar eller innkjÞp, berre referansar (relasjonar) til dei aktuelle felta i kunde- og innkjÞpstabellane (for eksempel feltet Kunde-ID frÄ kundetabellen).

SQL

SQL («Structured Query Language») er eit sprÄk som vert brukt til databasespÞrjingar. I LibreOffice kan du laga spÞrjingar bÄde i SQL og interaktivt med musa.

SQL-database / SQL-tenar

Ein SQL-database er eit databasesystem med eit SQL-grensesnitt. SQL-databasar er gjerne brukte i klient/tenar-nettverk der fleire klientar har tilgang til ein sentral tenar. Difor vert slike databasar ofte kalla SQL-tenardatabasar eller berre SQL-tenarar.

Du kan integrere eksterne SQL-databasar i LibreOffice. Databasane kan anten ligge lokalt pÄ din eigen harddisk eller ein annan stad i nettverket. Tilgangen skjer anten gjennom ODBC eller gjennom drivarar som er innebygde i LibreOffice.

Skrivemetode

Ein «skrivemetode» er eit hjelpeprogram som kan brukast om du vil skriva inn komplekse teikn frÄ ikkje-vestlege teiknsett med eit vanleg tastatur.

Talboks

  1. I skjemakontrollane er ein rulleknapp ein eigenskap for eit talfelt, valutafelt, datofelt eller klokkeslettfelt. Dersom eigenskapen «Rulleknapp» er slÄtt pÄ, viser feltet eit par symbol med piler som peikar i motsett retning, anten vassrett eller loddrett.

  2. I Basic-IDE er ein rulleknapp namnet som vert brukt pÄ det numeriske feltet og dei to pilsymbola.

Du kan skriva ein talverdi i feltet ved sida av rulleknappen eller velja verdi med symbola Pil opp og Pil ned pÄ rulleknappen. Du kan ogsÄ trykkja tastane Pil opp og Pil ned for Ä auke eller minske verdien. Trykk Page up og Page down for Ä setja maksimums- eller minimumsverdien.

Viss feltet ved sida av rulleknappen er ein talverdi, kan du ogsÄ setja ei mÄleeining, for eksempel 1 cm eller 5 mm, 12 pt eller 2".

Talsystem

Eit talsystem er inndelt etter kor mange siffer som vert brukte for Ä representere tal. Desimalsystemet er for eksempel basert pÄ tala frÄ 0 til 9, binÊrsystemet pÄ tala 0 og 1 og det heksadesimale systemet er basert pÄ 16 siffer (0
9 og A
F).

Yeikn i halv og full breidd

Halvbreidde og fullbreidde er eigenskapar som som vert brukte til Ä skilja mellom teikn som vert brukte i nokre austasiatiske sprÄk og skript, stort sett kinesisk, japansk og koreansk (CJK).

Han-teikna, Hiragana- og Katakana-teikna og Hangul-teikna som vert brukte av disse skripta har som oftast firkanta form, og med fast breidde (momoavstand) tek dei opp same plassen som to latinske/ASCII-teikn. Dei vert difor ofte kalla teikn med full breidde. Bokstavane, sifra og skiljeteikna i det latinske alfabetet som er inkluderte i ASCII-teiknsettet, vert kalla teikn med halv breidde.

Av historiske grunnar vert det ogsÄ definert og brukt eit sett med firkanta latinske bokstavar, siffer og skiljeteikn i CJK-typografi i tillegg til eller i staden for motstykka med halv breidde. Dei vert kalla former med full breidde. PÄ same mÄte er det ogsÄ halvbreiddeformer av dei til vanleg fullbreidde Katakanas og Hangul Jamos. Dei har smalare former i staden for firkanta. Halv breidde og full breidde er eigentleg to mÄtar Ä skriva det same teiknet pÄ, tilsvarande store og smÄ former for latinske alfabet. LibreOffice har stÞtte for konvertering mellom halvbreidde og fullbreidde, i tillegg til Ä ignorere breiddeskilnadar ved samsvarande tekststrengar.

StĂžtt oss!