Omgjering av måleeiningar

I nokre dialogvindauge kan du skriva inn måleeiningar i boksane. Viss du berre skriv inn ein numerisk verdi, vert standardeininga brukt.

Du vel standard måleeining for Writer-dokument i → LibreOffice Writer → Generelt. Du kan gjera tilsvarande for Calc, Draw og Impress ved å opna eit dokument av den typen og velja Generelt på same måten som i Writer.

I felt for lengdeeiningar kan du òg leggja til ei forkorting av måleeininga, som i denne lista:

Forkorting av måleeiningar

Forklaring

mm

Millimeter

cm

Centimeter

in eller "

Tommar

pi

Pica

pt

Punkt


Desse formlane reknar om mellom einingane:

I eit tekstdokument kan du for eksempel velja Format → Avsnitt → Innrykk og mellomrom. Ønskjer du å rykkja inn avsnittet med ein cm, skriv du inn 1 cm i feltet «Før tekst». Vil du rykke inn avsnittet med ein tomme, skriv du inn 1 in eller 1".

Tipsikon

Dersom du vil velja den høgste eller minste verdien, kan du klikka i feltet og trykkja på tastane Page Up eller Page Down.


Støtt oss!