Ofte brukte knappar

Hjelp

Trykk på knappen Hjelp for å opna hjelpsida for det opne dialogvindauget.

Avbryt

Lukkar du eit dialogvindauge med Avbryt, vert ingen av endringane du har gjort i han lagra.

Fullfør

Tar i bruk alle endringane og lukker vegvisaren.

Verktøylinjer

Når du klikkar på pila ved sida av enkelte knappar opnar det seg ei verktøylinje. Du kan flytta ei verktøylinje ved å dra tittellinja til ein ny stad. Når du slepp museknappen, vert verktøylinja liggjande der du slapp henne. Dersom du legg verktøylinja inntil eit vindauge, festar ho seg til kanten. Du lukkar verktøylinja ved å trykkja på symbolet Lukk vindauge. Då kan du henta ho fram att med Vis → Verktøylinjer → (namnet på verktøylinja).

Rulleknapp

  1. I skjemakontrollane er ein rulleknapp ein eigenskap for eit talfelt, valutafelt, datofelt eller klokkeslettfelt. Dersom eigenskapen «Rulleknapp» er slått på, viser feltet eit par symbol med piler som peikar i motsett retning, anten vassrett eller loddrett.

  2. I Basic-IDE er ein rulleknapp namnet som vert brukt på det numeriske feltet og dei to pilsymbola.

Du kan skriva ein talverdi i feltet ved sida av rulleknappen eller velja verdi med symbola Pil opp og Pil ned på rulleknappen. Du kan også trykkja tastane Pil opp og Pil ned for å auke eller minske verdien. Trykk Page up og Page down for å setja maksimums- eller minimumsverdien.

Viss feltet ved sida av rulleknappen er ein talverdi, kan du også setja ei måleeining, for eksempel 1 cm eller 5 mm, 12 pt eller 2".

Gjer om

Om du klikkar deg fram gjennom dialogvindauget, vert denne knappen kalla Neste. På siste sida har knappen namnet Gjer om. Omgjeringa vert då gjort når du trykkjer på knappen.

Sprettoppmeny

Ein sprettoppmeny er ein lokal meny for eit objekt. Du opnar sprettoppmenyen til eit objekt ved å trykkja på objketet med museknapp for å merkja det og så . Nokre sprettoppmenyar kan verta opna sjølv om objektet ikkje er merkt. Du finn sprettoppmenyar overalt i LibreOffice.

Slett

Slettar elementet eller elementa etter stadfesting.

Slett

Slettar det valde elementet eller element utan å spørja om stadfesting.

Mål

Du kan bruka fleire ulike måleeiningar når du skriv inn verdiar i felta. Standardeininga er centimeter. Viss du ønskjer eit mellomrom på nøyaktig 1 cm, skriv du inn «1 cm». I andre samanhengar kan andre måleeiningar brukast, som for eksempel «12 pt» for 12 punkts avstand. Viss du skriv inn ein heilt urealistisk verdi, vil programmet bruka ein førevald største eller minste verdi i staden.

Lukk

Lukkar dialogvindauget og lagrar alle endringane.

Lukk

Lukkar dialogvindauget.

Bruk

Tar i bruk dei endra eller valde verdiane utan å lukka dialogvindauget.

Dette valet er berre synleg for avsnittsstil, rammestil og sidestil.

Dette valet er synleg berre for avsnittsstil og teiknstil.

Krymp / Utvid

Trykk på Forminsk-knappen for å gjera dialogvindauget like lite som skrivefeltet. På den måten er det lettare å merkja av området i arket. Knappen vert etter dette automatisk endra til ein Maksimer-knapp. Denne kan brukast til å gjenoppretta storleiken til dialogvindauget.

Dialogvindauget vert automatisk minimert når du klikkar med musa i eit rekneark. Så snart du slepp museknappen, vert dialogvindauget gjenoppretta. Det referanseområdet du valde med musa er då vist med blå ramme i dokumentet.

Ikon Krymp

Krymp

Ikon Utvid

Utvid

Førehandsvis felt

Viser ei førehandsvising av det gjeldande utvalet.

Førehandsvising

Viser ei førehandsvising av det gjeldande utvalet.

Neste

Trykk Neste. Då vil vegvisaren bruka gjeldande innstillingar og går vidare til neste steg. På det siste steget vert denne knappen endra til Lag.

Dialogknappar

Tilbakestill

Set dei endra verdiane tilbake til dei førre verdiane i fana.

Avbryt

Lukker dialogvindauget og avbryt alle endringar.

OK

Lagrar alle endringane og lukker dialogvindauget.

Tilbakestill

Set endringane som er gjort i den gjeldande fana tilbake til slik dei var då dialogvindauget vart opna.

Tilbakestill

Still tilbake endringar som er gjorde på denne fana til slik dei var før ho vart opna. Du vert ikkje spurd før tilbakestillinga.

Standard

Still dei verdiane som er synlege i dialogvindauget tilbake til standfardverdiane.

warning

Det vert ikkje spurd om stadfesting før standardinnstillingane vert lesne inn.


Avbryt

Lukker dialogen og forkastar endringar på alle fanene. Viss Bruk er brukt, vert alle endringar gjort etter siste bruk av «Bruk» forkasta.

Tilbakestill

Set dei verdiane som er endra i den gjeldande fana tilbake til slik dei var då dialogvindauget vart opna. Viss Bruk er brukt før dialogvindauget vert lukka, vert verdiane sette tilbake til slik dei var etter siste bruk av «Bruk».

Bruk

Brukar endringar i alle kategoriane utan å lukka dialogvindauget. Kan ikkje tilbakestillast med Tilbakestill.

Tilbakestill til opphavet

Verdiane i denne fana vert sette til dei tilsvarande verdiane i stilen som er gjeve i «Arva frå» i handsamaren. I alle tilfella, også når «Arva frå» er «- Ingen -», vert dei noverande faneverdiane som er spesifiserte i «Inneheld» fjerna.

Dette valet er berre synleg for avsnittsstil, teiknstil og rammestil.

Tilbake

Vis vala du gjorde i dialogvindauget i det førre steget. Innstillingane på dette steget vert ikkje endra. Denne knappen kan berre brukast frå og med side to.

Val

Trykk Meir-knappen for å utvida dialogvindauget til å visa fleire alternativ. Trykk igjen for å få tilbake det opphavlege dialogvindauget.

Sjå òg desse funksjonane:

Søkinga har støtte for jokerteikn eller regulære uttrykk. Med regulære uttrykk slått på, kan du for eksempel skriva inn «all.*» for å finna den første staden som byrjar med «all» med kva teikn som helst etter denne. Viss du skal søkja etter ein tekst som også er eit regulært uttrykk, må du anten skriva bakoverstrek (\) framføre kvar operator eller kvart metateikn eller du må lukka inn teksten mellom «\Q» og «\E». Du kan slå den automatiske evalueringa av jokerteikn og regulære uttrykk av eller på frå i → LibreOffice Calc → Rekn ut.

warning

Når du brukar funksjonar der eitt eller fleire argument er søkjekriterium som representerer eit regulært uttrykk, vert det først prøvd å konvertera strengkriteria til tal. For eksempel vert «.0» konvertert til 0.0 og så vidare. Viss dette går bra, vil treffet ikkje vera eit vanleg uttrykk, men eit numerisk treff. Når du brukar eit språk som ikkje brukar punktum som desimalskiljeteikn, som i norsk, vil konverteringa av regulære uttrykk fungera. For å tvinga evalueringa av det regulære uttrykket i staden for eit numerisk uttrykk, bruk eit uttrykk som ikkje kan feiltolkast som numerisk, for eksempel «. [0]» eller «". \ 0» eller «(? I) .0».


Dersom det oppstår ein feil, vil funksjonen returnera ein logisk eller numerisk verdi.

(Denne kommandoen finn du berre i sprettoppmenyen.)

Med dobbeltklikk kan du bruka eit verktøy til fleire oppgåver. Dersom du berre klikkar éin gong, går verktøyet tilbake til den førre oppgåva etter at denne er ferdig.

Du kan trykkja Shift + F1 og peika på ein kontroll for å finna ut meir om denne kontrollen.

Knappane i dialogvindauge for innstillingar

OK

Lagra endringane gjort på sida og lukk dialogvindauget for innstillingar.

Avbryt

Lukkar dialogvindauget for innstillingar og kasser alle endringane.

Bruk

Brukar dei endra eller merkte verdiane utan å lukka dialogvindauget for val.

Tilbakestill

Set endringane som er gjort i den gjeldande fana tilbake til slik dei var då dialogvindauget vart opna.

warning

Nokre av vala kan ikkje tilbakestillast når dei først er sett. Skriv inn det opphavlege valet manuelt eller trykk Avbryt og opna dialogvindauget på nytt.


Støtt oss!