Innstillingslinja

Innstillingslinja kan visast med Vis → Verktøylinjer → Innstillingar.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Vis → Verktøylinjer → Innstillingar


Rotasjonsmodus etter at du har klikka på eit objekt

Endra åtferda til museklikka slik at rotasjonshandtak kjem fram når du har klikka på eit objekt to gongar (ikkje dobbeltklikk). Dra eitt av handtaka for å rotera objektet i den retninga du vil.

Ikon

Rotasjonsmodus etter at du har klikka på eit objekt

Vis Rutenett

Slå av eller på rutenettet.

Ikon Vis rutenett

Vis rutenett

Vis festelinjer

Vis eller gøym festelinjer slik at du kan justera objekt i lysbiletet. Du fjernar festelinja ved å dra henne ut av lysbiletet.

Ikon

Vis festelinjer

Hjelpelinjer ved flytting

Vel om hjelpelinjene skal vera synlege medan du flyttar eit objekt.

Ikon Hjelpelinjer ved flytting

Hjelpelinjer under flytting

Fest til rutenettet

Vel om berre rammer, teikneelement og kontrollelement skal flyttast mellom rutenettpunkta. For å endra status for festenettet berre for den gjeldande økta, dra objektet medan du held nede .

Ikon Fest til rutenettet

Fest til rutenettet

Fest til festelinjene

Festar kantane på eit dradd objekt til den næraste festelinja når du slepp museknappen.

Ikon

Fest til hjelpelinjene

Fest til sidemargar

Bestemmer om omrisset av det grafiske objektet skal justerast i høve til den næraste sidemargen eller ikkje.

Ikon Fest til sidemargar

Fest til sidemargane

Fest til objektkant

Bestemmer om omrisset av det grafiske objektet skal justerast i høve til kanten av det næraste grafiske objektet eller ikkje.

Ikon Fest til objektkantar

Fest til objektpunkt

Fest til objektpunkt

Bestemmer om omrisset av det grafiske objektet skal justerast i høve til punkt på det næraste grafiske objektet eller ikkje.

Ikon Fest til objektpunkt

Fest til objektpunkt

Tillat snøggredigering

Dersom denne er på, kan du redigera teksten like etter at du har klikka på eit tekstobjekt. Dersom denne er av, må du dobbeltklikka for å kunne redigera teksten.

Ikon Tillat snarredigering

Tillat snøggredigering

Berre valt tekstområde

Gjer at eit tekstfelt vert merkt ved å trykkja på teksten.

Ikon Merk berre tekstområde

Merk berre tekstområdet

Dobbeltklikk for å leggja til tekst

Endra åtferda til museklikk slik at du kan dobbeltklikka eit objekt for å leggja til eller redigera tekst.

Ikon

Dobbeltklikk for å leggja til tekst

Endra objekt med eigenskapar

Dersom dette ikonet er slått på i linja Innstillingar, vert objekt viste med eigenskapane sine, men med 50% gjennomsikt når du teiknar dei. Dersom dette ikonet ikkje er slått på, vert berre konturen av objektet vist når du teiknar men objektet vert vist med alle eigenskapane når du slepp museknappen.

Ikon

Endra objekt med eigenskapar

Gå ut av alle grupper

Avslutt alle grupper og går tilbake til vanleg vising.

Ikon Gå ut av alle grupper

Gå ut av alle grupper

Støtt oss!