Teiknar eit fylt rektangel der du dreg med musa i teikninga. Trykk der du vil leggja eit hjørne og drag rektangelet så stort du vil ha det. Du kan halda nede Shift-knappen medan du dreg dersom du vil teikna eit kvadrat.
Teiknar ein fylt ellipse der du dreg med musa i teikninga. Trykk der du vil teikna ellipsen og drag han så stor du vil ha han. Du kan halda nede «Shift» medan du dreg dersom du vil teikna ein sirkel.
Opna verktøylinja for Linjer og piler der du kan leggja til rette linjer, linjer med piler og dimendjondlinjer til det gjeldande lysbiletet eller den gjeldande sida.
Opna verktøylinja for samband. Ved å bruka denne kan du leggja samband til objekta i lysbiletet. Eit samband er ei linje som koplar saman to objekt og held fram å hengja saman når objekta vert flytte. Dersom du kopierer eit objekt med eit samband, vert sambandet òg kopiert.
Opna verktøylinja for 3D-objekt. Objekta er tredimensjonale med djupn, lyssetjing og releksjonar. Kvart innsett objekt dannar først ei 3D-scene. Du kan trykkja F3 for å gå inn i scena. For desse 3D-objekta kan du opna dialogvindauget for 3D-effektar for å endra eigenskapane.