Verktøylinjer

Her finn du ei oversikt over verktøylinjene i LibreOffice Draw.

Dette er ei oversikt over standardoppsettet til verktøylinjene i LibreOffice.

Standardlinja

Standardlinja er tilgjengeleg i alle LibreOffice-program.

Teiknelinja

Teiknelinja finn du dei vanlegaste teikneverktøya.

Søkjelinje

Verktøylinja Søk kan brukast til å raskt søkja i innhaldet i LibreOffice-dokument.

Verktøylinja for linje og fyll

Verktøylinja for linje og fyll inneheld funksjonar og val du kan bruka i denne visinga.

Verktøylinje for tabellar

Verktøylinja for tabellar inneheld funksjonane du treng for å arbeida med tabellar. Verktøylinja kjem fram når du flyttar skrivemerket inn i ein tabell.

Tekstformateringslinja

Plasser skrivemerket i eit tekstobjekt for å få fram Tekstformateringslinja.

Biletlinje

Bruk biletlinja til å velja farge, kontrast og lysstyrke på dei valde biletobjekta.

Punktredigeringslinja

Linja Rediger punkt kjem fram når du merkjer ein mangekant og trykkjer påRediger punkt.

Innstillingslinja

Innstillingslinja kan visast med Vis → Verktøylinjer → Innstillingar.

Fargelinje

Vis eller gøym Fargelinja. For å endra fargepaletten som vert vist, vel Format → Område og gå til fana Fargar.

Statuslinja

Statuslinja viser informasjon om dokumentet og om merkte objekt. Du kan dobbeltklikka på nokre av elementa i statuslinja for å opna eit tilhøyrande dialogvindauge.

3D-innstillingar

Verktøylinja 3D-innstillingar kontrollerer eigenskapane til dei merkte 3D-objekta.

Fontwork

Verktøylinja for Fontwork vert opna når du vel eit Fontworkobjekt.

Set inn

Støtt oss!