LibreOffice 7.5 Hjelp
Denne menyen inneheld generelle funksjonar for arbeid med Draw, som for eksempel å laga, opna, lukka og skriva ut. Du kan avslutta LibreOffice Draw med Avslutt.
Opnar ei lokal eller ei ekstern fil, eller set inn tekst frå ei fil. Det er råd å opna fleire filer.
Viser ei liste over nyleg opna filer. Trykk på filnamnet for å opna ei fil frå lista.
Lagra ein kopi av det gjeldande dokumentet med eit anna namn eller ei anna plasering.
Lagrar og organiserer fleire versjonar av dokumentet i same fil. Du kan óg opna, sletta og samanlikna tidlegare versjonar.
Lagrar den gjeldande fila som Portable Document Format (PDF) versjon 1.4. Ei PDF-fil kan visast og skrivast ut på alle plattformer utan å endra originalformateringa viss dei nødvendige programma er installerte.
Vis eigenskapane til dokumentet, med statistikk slik som talet på ord og når det vart oppretta.
Legg til og fjernar digitale signaturar til og frå dokumentet. Du kan òg bruka dialogvindauget til å visa sertifikat.
Lagar ein mellombels kopi av det gjeldande dokumentet i HTML-format, opnar standard-nettlesaren og viser HTML-fila i nettlesaren.
Skriv ut det gjeldande dokumentet, utvalet eller sidene du ønskjer. Du kan også setja innstillingane for utskriving av det gjeldande dokumentet. Innstillingane for utskriving kan variera etter kva skrivar og operativsystem du brukar.
Lukkar alle LibreOffice-program og bed deg om å lagra endringane. Denne kommandoen finst ikkje på macOS-system.