LibreOffice 7.5 Hjelp
Nedanfor er alle menyane, undermenyane og dialogvindauga i LibreOffice Draw skildra.
Det vindauget som inneheld det dokumentet du vil arbeida med må vera vald for at du skal kunna bruka menyane. Du må òg velja eit objekt i dokumentet før du kan bruka menyval som høyrer til det objektet.
Menyane endrar seg med samanhengen, slik at menyvala passar til det du arbeider med. Dersom skrivemerket står i ein tekst, kan du bruka alle dei menyvala som har med tekst å gjera. Dersom du har merkt eit bilete, er menyvala tilpassa biletredigering.
Denne menyen inneheld generelle funksjonar for arbeid med Draw, som for eksempel å laga, opna, lukka og skriva ut. Du kan avslutta LibreOffice Draw med Avslutt.
Funksjonane i denne menyen kan du bruka for å redigera Draw-teikningar (for eksempel klipp og lim).
Denne menyen inneheld kommandoar for å kontrollera visinga av dokumentet på skjermen, endra brukargrensesnittet og få tilgang til sidepanela.
Denne menyen lèt deg setja inn element i Draw-teikningar, som for eksempel andre teikningar og hjelpelinjer.
I denne menyen finn du verktøy for LibreOffice Draw. Du kan òg endra språk og andre innstillingar.