Snu objekt

Du kan snu eit objekt om standardpivotpunktet (sentrum), eller om eit pivotpunkt som du vel.

Ikon

Vel objektet du vil snu. På verktøylinja Bileteffektar i LibreOffice Draw, eller på verktøylinja Teikning i LibreOffice Impress, trykkjer du på knappen Snu.

Flytt markøren til eit hjørnehandtak for å endra markøren til eit rotasjonssymbol. Dra i handtaket for å rotera objektet.

Hald nede Shift for å rotera 15 grader om gongen.

Høgreklikk på objektet for å opna sprettoppmenyen. Vel Posisjon og storleik → Rotering for å velja ein nøyaktig rotasjonsverdi.

Ikon

Dra den vesle sirkelen i midten av objektet til ei ny plassering for å endra pivotpunktet.

For å forskyva objektet loddrett eller vassrett, drag i eit av handtaka på sida av objektet.

Støtt oss!