Om lag

Ved å bruka lag kan du samla element som høyrer saman. Tenk på lag som individuelle arbeidsområde som du kan gøyma frå vising og/eller utskriving eller låsa.

Lag bestemmer ikkje stablingsrekkjefølgja for objekt på sida, unnteke for laget Kontrollelement som alltid er framføre andre lag.

Stablingsrekkjefølgja for objekt på sida vert bestem av kva rekkjefølgje du legg inn objekta. Du kan endra stablingsrekkjefølgja med Form → Still opp.

Dei lagområda som ikkje inneheld objekt er gjennomsiktige.

LibreOffice Draw har tre standardlag:

Du kan ikkje sletta eller gje nytt namn til standardlaga. Du kan leggja til dine eigne lag med Set inn → Lag.

Laget Oppsett er standard arbeidsområde. Laget Oppsett bestemmer plasseringa av plasshaldarar for tittel, tekst og objekt på sida di.

Laget kontrollelement kan brukast til knappar som er tildelt ei handling, men som ikkje skal skrivast ut. Set eigenskapane for laget til ikkje å skrivast ut. Objekt på laget kontrollelement er alltid framføre objekt i andre lag.

Laget mållinjer er der du for eksempel teiknar målelinjer. Ved å velja kva lag som skal visast og gøymast, kan du lett slå desse linjene av og på.

tip

Du kan låsa eit lag for å verna innhaldet i det, eller gøyma eit lag og innhaldet i det slik at det ikkje er synleg og ikkje kan skrivast ut. Når du legg til eit nytt lag til ei side, vert laget lagt til alle sidene i dokumentet. Når du legg eit objekt til eit lag derimot, vert det berre lagt til til den gjeldande sida. Viss du vil at objektet skal visast på alle sidene, legg objektet til i hovudlysbiletet (Vis → Hovudutforming for lysbilete).


Støtt oss!