Arbeida med lag

Teikningar i LibreOffice Draw har støtte for lag.

Velja eit lag

For å velja eit lag, trykkjer du på namnefana til laget nedst i arbeidsområdet.

Tipsikon

Dobbeltklikk på fana til eit lag for å redigera eigenskapane til laget.


Gøyma lag

  1. Merk eit lag og vel Format → Lag.

  2. Fjern avkryssinga i boksen Synleg i området Eigenskapar.

  3. Trykk OK.

Tekstfargen for namnet i namnefana endrar seg til blå.

Tipsikon

Du kan gjera eit lag synleg eller usynleg ved å klikka på fana til laget medan du held nede Shift-tasten.


Visa gøymde lag

  1. Merk eit lag og vel Format → Lag.

  2. Merk avkryssingsfeltet Synleg i området Eigenskapar.

  3. Trykk OK.

Låsa lag

  1. Merk eit lag og vel Format → Lag.

  2. Merk avkryssingsfeltet Låst i området Eigenskapar.

  3. Trykk OK.

Du kan ikkje redigera objekt på eit låst lag.

Låsa opp lag

  1. Merk eit lag og vel Format → Lag.

  2. Merk avkryssingsfeltet Låst i området Eigenskapar.

  3. Trykk OK.

Om lag

Innsetjing av lag

Flytter objekt til eit anna lag.

Støtt oss!