LibreOffice 24.8 Hjelp
Du kan slå saman to eller fleire 3D-objekt til eit enkelt objekt.
Set inn eit 3D-objekt frå den flytande verktøylinja 3D-objekt (for eksempel ein terning).
Set inn eit anna, litt større 3D-objekt, for eksempel ei kule.
Merk det andre 3D-objektet (kula), og vel Rediger → Klipp ut.
Dobbeltklikk på det første objektet (terningen) for å gå inn i gruppa han er i.
Vel Rediger → Lim inn. Begge objekta er no i den same gruppa. Dersom du ønskjer det, kan du redigera enkeltobjekta eller endra plasseringa deira innanfor gruppa.
Dobbeltklikk utanfor gruppa for å gå ut av ho.
Du kan ikkje laga snitt eller trekkje frå med 3D-objekt.