LibreOffice 24.2 Hjelp
Ein fargeovergang er ei blanding av to ulike fargar eller nyansar av den same fargen som du kan bruka på eit teikneobjekt.
Vel eit teikneobjekt.
Vel Format → Område og vel Fargeovergang som Fylltype.
Vel ein stil for fargeovergangen frå lista, og trykk OK.
Du kan laga eigne fargeovergangar, endra på fargeovergangar som finst frå før, i tillegg til at du kan lagra og lasta inn att ei liste over fargeovergangsfiler.
Vel Format → Område, og trykk på fana Fargeovergangar.
Vel ein fargeovergang frå lista som skal brukast som grunnlag for den nye fargeovergangen. Trykk deretter Legg til.
Skriv inn eit namn på fargeovergangen i tekstfeltet, og trykk OK.
Namnet vert vist nedst i lista over fargeovergangar, og vil vera merkt for redigering.
Vel eigenskapar til fargeovergangen, og trykk Endra for å lagra han.
Trykk OK.
Du kan tilpassa eigenskapane til ein fargeovergang, i tillegg til gjennomsikten til eit teikneobjekt med hjelp av musepeikaren.
Vel teikneobjektet som har fargeovergangen du vil endra på.
Vel Format → Område, og trykk på fana Fargeovergangar.
Tilpass fargeovergangen slik du vil ha han, og trykk OK.
Du kan justera innstillingane for gjennomsikten til eit objekt i fana Gjennomsikt under Format → Område.