LibreOffice 25.2 Hjelp
Du kan byta ut fargar i punktbilete med fargeplukkaren.
Du kan byta ut opptil fire fargar på éin gong.
Du kan òg kryssa av for Gjennomsikt for å byta ut dei gjennomsiktige områda i eit bilete med ein farge.
På same måten kan du bruka fargeplukkaren til å gjera ein av fargane på biletet gjennomsiktig.
Sjå til at du brukar eit punktbilete (for eksempel BMP, GIF, JPG eller PNG) eller ei metafil (for eksempel WMF).
Vel Verktøy → Fargeerstattar
Trykk på fargeplukkarknappen og plasser musepeikaren over fargen du vil byta ut på biletet. Fargen vert vist i boksen ved sida av fargeplukkarknappen.
Trykk på fargen på biletet. Fargen vert vist i den første Kjeldefargeboksen og avkryssingsboksen ved sida av fargen er kryssa av.
Vel den nye fargen i boksen Byt ut med.
Du byter då ut kjeldefargen overalt i biletet.
Dersom du vil byta ut ein annan farge medan dialogvindauget er ope, kryssar du av for Kjeldefarge i den neste rada og gjentek trinn 3 til 5.
Trykk Byt ut.
Dersom du vil utvida eller trekkja saman fargeutvalområdet, kan du auka eller minska toleransen til Fargeplukkaren og gjenta utvalet.