LibreOffice 25.2 Hjelp
Overgangstoning lagar former og fordeler dei med lik avstand mellom to teikneobjekt.
Overgangstoning er berre tilgjengeleg i LibreOffice Draw. Du kan likevel kopiera og setja inn overgangstona objekt i LibreOffice Impress.
Hald Shift-tasten nede og trykk éin gong på kvart objekt.
Vel Form → Overgangstoning
Vel talet på nye objekt mellom dei to opphavlege objekta i talboksen Steg.
Trykk OK.
Ei gruppe som inneheld dei to opphavlege objekta og så mange mellomliggjande objekt som er valde vert vist.
Du kan redigera dei enkelte objekta i ei gruppe ved å velja gruppa og trykkja F3. Trykk CmdCtrl + F3 for å avslutta grupperedigering.