LibreOffice 25.2 Hjelp
Definerer tilpassa fargar og legg dei til i paletten Tilpassa fargar.
Vel Format → Område og trykk på fana Område og trykk på knappen Farge for å få fram ein tabell over tilpassa fargar.
Dei tilpassa fargane vert lagra i paletten Tilpassa fargar.
I tabellen trykker du på ein farge nærast mogleg den ønskte fargen. Du kan velja farge frå kva palett som helst i området Fargar til venstre eller Tidlegare brukte fargar under fargetabellen. Fargen vert vist i ruta Ny til høgre i vindauget.
Trykk på knappen Vel for å opna dialogvindauget Vel ein farge.
LibreOffice brukar berre fargemodellen RGB for fargeutskrift. RGB-verdiane vert viste under rutene for førehandsvisingar.
Trykk på knappen Legg til for å leggja den tilpassa fargen inn i paletten sjølvvald. Det kjem då opp eit dialogvindauge der du kan skriva inn namnet på fargen. Pass på at du ikkje skriv inn eit namn som er brukt frå før i denne paletten.
Du kan fjerna ein farge frå paletten sjølvvald ved å velja paletten sjølvvald i området Fargar. Merk av fargen du vil fjerna og trykk på knappen Slett.