LibreOffice 25.2 Hjelp
Alle objekta du set inn i dokumentet vert lagde oppå tidlegare objekt. For å endra på stabelplasseringa til eit av objekta kan du gjera dette:
Trykk på objektet du vil flytta i stabelen.
Vel
og vel eit av alternativa i undermenyen:Flytt fremst flyttar objektet framom alle andre objekt.
Flytt framover flyttar objektet éin plass framover i stabelen.
Flytt bakover flyttar objektet éin plass bakover i stabelen.
Flytt bakarst flyttar objektet bak alle andre objekt.
Bak objektet plasserer objektet bak eit anna objekt som du vel.
Trykk på objektet du vil flytta i stabelen.
Vel Bak objektet. Musepeikaren vert då til ei hand.
og velTrykk på det objektet du vil plassera det valde objektet bak.
Hald nede Shift-tasten og trykk på begge objekta for å velja dei.
Vel Snu i undermenyen:
og velFunksjonen Justering lèt deg justera objekt i høve til kvarandre, eller i høve til sida.
Vel eitt objekt for å justera det til sida, eller vel fleire objekt for å justera dei i høve til kvarandre.
Vel
og bruk eit av justeringsvala.Dersom du merkjer tre eller fleire objekt i Draw, kan du bruka funksjonen Fordeling til å fordela objekta likt loddrett og vassrett.
Vel tre eller fleire objekt som skal fordelast.
Vel
.Vel dei vassrette og loddrette fordelingsinnstillingane, og trykk OK.
Dei valde objekta vert fordelte likt langs den vassrette eller loddrette aksen. Dei to ytste objekta vert brukte som som referansepunkt og vert ikkje flytt når du brukar funksjonen Fordeling.