LibreOffice 25.2 Hjelp
Slår saman to eller fleire merkte tekstboksar til éin tekstboks.
Vel
når to eler fleire tekstboksar er merkte.Vel
når to eler fleire tekstboksar er merkte.Tekstbokskonsolidering føyer saman fleire tekstboksar til ein enkel tekstboks, slik at teksten kan flyta inne i den nye boksen.
Kommandoen Konsolider tekst er spesielt nyttig når du redigerer PDF-dokument med LibreOffice Draw.
Funksjonen undersøkjer tekstfragmenta for å sjå om dei sluttar med eit setningsavsluttande teikn. Viss ikkje, vert innhaldet i den neste tekstboksen lagt til i staden for å byrja eit nytt avsnitt. Etterpå må du retta opp avsnitt og setja avsnittseigenskapar manuelt.
Den nye tekstboksen vert sett inn i det gjeldande laget.
Den nye tekstboksen har ikkje namn.
Tittelen og beskrivinga av dei individuelle tekstboksane forsvinn ved konsolideringa.
Dei opphavlege tekstboksobjekta vert sletta etter konsolideringa.
Når du konsoliderer kister, kan utforminga av lista verta påverka av plasseringa av punkta. I tilfelle må du setja utsjånaden opp på nytt manuelt. For eksempel når du nyttar nummerering med stil «1», kan listeelementa verta delte etter punktet.
Du får betre resultat ved å kombinera tilstøytande tekstboksar med liknande avsnittsformatering. Teiknformatering i tekstboksane vert uendra. Viss du kombinerer tekstboksar med ulike avsnittsstilar, vil dette krevja manuelle inngrep for å gjenoppretta det opphavlege tekstoppsettet.