LibreOffice 24.8 Hjelp
Spesifiserer eit felt i tabellen som skal brukast som primærnøkkel.
Merk av for å laga ein primærnøkkel. Dette legg til ein primærnøkkel til kvar databasetabell for å eintydig kunne identifisere kvar post. For nokre databasesystem i LibreOffice er ein primærnøkkel nødvendig for å redigera tabellane.
Merk av for å leggja til ein primærnøkkel automatisk som eit ekstra felt.
Vel for å bruka eit eksisterande felt med unike verdiar som primærnøkkel.
Vel feltnamnet.
Vel for å setja inn ein verdi automatisk og auka feltverdien for alle nye postar. Databasen må ha støtte for automatisk auke for å bruka funksjonen Autoverdi.
Vel for å laga ein primærnøkkel frå ein kombinasjon av fleire eksisterande felt.
Merk eit felt og trykk «>» for å leggja det til i primærnøkkelfeltlista.
Merk eit felt og klikk «<» for å fjerna det frå primærnøkkelfeltlista. Primærnøkkelen vert laga frå ei samanslåing av felta i lista, ovanfrå og nedover.