Eigenskapar

Vindauget «Eigenskapar» for Rapportbyggjaren viser alltid eigenskapane for det valde objektet i rapportbyggjarvisinga.

tip

Trykk på Shift + F1 og peik med musa på ein skriveboks for å sjå hjelpeteksten for han.


Når du opnar rapportbyggjaren første gongen, vil eigenskapsvindauget visa fana Data for heile rapporten.

Vel ein tabell frå innhaldslista og trykk deretter Tabulator-tasten eller utanfor skriveboksen for å gå ut av han.

Vindauget Legg til felt i rapport vert vist automatisk når du har vald ein tabell i innhaldsboksen og går ut av boksen. Du kan også klikka på ikonet «Legg til felt» på verktøylinja, eller velja Vis → Legg til felt.

Fana Generelt kan mellom anna brukast til å endra namnet på rapporten eller for å slå av toppteksten eller botnteksten.

tip

For å visa fana Data eller Generelt for heile rapporten, vel Rediger → Merk alt → Merk rapport.


Viss du klikkar på topptekst eller botntekst-området utan velja eit objekt, vil du sjå fana Generelt for det området.

Du kan redigera nokre synlege eigenskapar for området.

Viss uttrykket «vilkårleg utskrift» gjev tilbake SANN, vert det valde objektet skrive ut.

Viss du klikkar på området Detalj utan å merkja eit objekt, vil du sjå fana Generelt for området.

Du kan spesifisera nokre eigenskapar for å finjustera korleis postane skal skrivast ut.

Set inn nokre datafelt i detalj-området eller set inn andre kontrollfelt i kva område som helst. Når du merkjar eit innsett felt, kan du setja eigenskapane for feltet i vindauget «Eigenskapar».

Du kan endra den viste teksten i eit etikettfelt i skriveboksen for etikettar.

For eit bilete kan du spesifisera å anten setja inn biletet som ei lenkje til ei fil eller berre som eit innebygd objekt i Base-fila. Det innebygde alternativet aukar storleiken på Base-fila, medan lenkjealternativet ikkje er like portabelt til andre datamaskiner.

På fana Generelt i eit datafelt kan du setja mellom anna formateringseigenskapane.

På fana «Data» kan du endra datainnhaldet som skal visast.

Støtt oss!