LibreOffice 24.8 Hjelp
Du kan opna dialogvindauget for sidenummer i Rapportbyggjaren ved å velja .
Trykk på Shift – F1 og peik med musa på ein inndataboks for å sjå hjelpeteksten for han.
Vel formatet for sidenummer, anten «Side N» eller «Side N av M» der N står for gjeldande sidenummer og M står for det totale talet på sider i rapporten.
Merk for å visa sidenummer i området for sidetopp eller sidebotn.
Vel ei justering. Som standard er sidetala sentrert mellom venstre og høgre marg. Du kan justera feltet til venstre eller høgre. Du kan også velja «Innside» for å skriva ut sidetal på oddetalssider på venstre side og partal på høgre side. Vel «Utanfor» for motsett justering.
Datafeltet for sidenummer vert sett inn når du klikkar OK. Viss det ikkje finst område for topptekst eller botntekst, vert det oppretta.
Du kan klikka datafeltet for å dra og sleppa til ei anna plassering inne i det same området, eller redigera eigenskapane i vindauget «Eigenskapar».