Rapportstruktur

Du kan opna vindauget «Rapportstruktur» i Rapportbyggjaren ved å velja Vis → Rapportstruktur.

«Rapportstruktur» viser strukturen i rapporten. Du kan bruka «Rapportstruktur» for å setja inn funksjonar i rapporten.

Klikk ei oppføring i rapportstrukturen. Det tilhøyrande objektet eller området vert vald i rapportstruktur-visinga. Høgreklikk på ei oppføring for å opna sprettoppmenyen.

Slik skriv du inn funksjonar i rapporten

I sprettoppmenyen «Rapportstruktur» ser du dei same kommandoane som i rapportbyggjar-visinga og nokre andre kommandoar for å laga nye eller sletta funksjonar.

Funksjonar kan skrivast inn ved å bruka syntaksen som er spesifisert i OpenFormula-forslaget.

Sjå wikiside om Base (på engelsk) for få meir hjelp om funksjonane i ein rapport.

Slik reknar du ut ein sum for kvar klient

  1. Opna «Rapportstruktur».

  2. Opna oppføringa «Grupper» og gruppa der du vil rekna ut kostnaden for.

    Gruppa har ei underoppføring kalla funksjonar.

  3. Opna sprettoppmenyen (høgreklikk) på funksjonsoppføringa, vel der å laga ein ny funksjon og merk han.

    Du ser funksjonen i utforskaren for eigenskapar.

  4. Endra namnet til for eksempel CostCalc og formelen til [CostCalc] + [skriv inn kostnadskolonnenamnet her].

  5. I startverdien, skriv 0.

  6. Du kan nå setja inn eit tekstfelt og føye det til [CostCalc] (vert vist i datafeltlisteboksen).

Du må kanskje setja startverdien til verdien av feltet som [field].

Viss det er tomme felt i kostnadskolonnen, bruk denne formelen for å setja inn null i dei tomme felta:

[SumCost] + IF(ISBLANK([field]);0;[field])

Støtt oss!