Legg til felt i rapporten

Vindauget «Legg til felt» hjelper deg med å setja inn tabelloppføringane i rapporten.

For å bruka denne funksjonen …

Vindauget for å leggja til felt vert vist automatisk når du har merkt ein tabell i innhaldsfeltet og går ut av dette feltet.

Vel Vis → Legg til felt.

Trykk på symbolet for å leggja til felt på verktøylinja.

Ikon Legg til felt

Legg til felt-ikonet på verktøylinja.


  1. Vel feltet i dialogvindauget «Legg til felt» og klikk Set inn. Du kan velja fleire felt ved å trykkja tasten medan du trykkjer på feltnamnet eller brukar Shift-tasten medan du trykkjer på museknappen. Trykk Set inn på verktøylinja for å leggja felta til i rapporten.

  2. Dra og slepp feltnamna eitt etter eitt frå vindauget «Legg til felt» i området «Detalj» i rapporten. Plasser felta slik du ønskjer. Bruk ikona i verktøylinja for å justera felta.

    Det er ikkje mogleg å overlappa felta. Viss du slepp eit tabellfelt på detalj-området, vert det sett inn ein etikett og ein tekstboks.

  3. Du kan også setja inn tekst som skal vera den same på kvar side i rapporten. Klikk på ikonet «Etikettfelt» og dra deretter eit rektangel i området for topptekst eller botntekst på sida. Rediger etikett-eigenskapen for å visa teksten du ønskjer.

Ikon

Legg ikonet «Etikett-felt til på verktøylinja.

Sortering av fektnamna

Ikon Sorter stigande

Sorter namna i stigande rekkjefølgje.

Ikon Sorter fallande

Sorter namna i fallande rekkjefølgje.

Ikon Angra sorteringa

Gjenopprett opphavleg sortering

Støtt oss!