Vegvisaren for spørjingar hjelper deg med å utforme ei databasespørjing. Spørjingar som er lagra kan verta brukte igjen seinare, anten via det grafiske brukargrensesnittet eller som ein automatisk oppretta SQL-kommando.
Tildeler alias til feltnamn. Aliasa er valfrie og kan gje meir brukarvenlege namn, som vert viste i staden for feltnamn. Du kan også bruka alias når felt frå ulike tabellar har det same namnet.
Skriv inn eit namn til spørjinga og angje om du vil visa eller redigera spørjinga etter at vegvisaren er ferdig.
Tilbake
Vis vala du gjorde i dialogvindauget i det førre steget. Innstillingane på dette steget vert ikkje endra. Denne knappen kan berre brukast frå og med side to.
Neste
Trykk Neste. Då vil vegvisaren bruka gjeldande innstillingar og går vidare til neste steg. På det siste steget vert denne knappen endra til Lag.
Fullfør
Tar i bruk alle endringane og lukker vegvisaren.
Avbryt
Lukkar du eit dialogvindauge med Avbryt, vert ingen av endringane du har gjort i han lagra.