Flytta makroar

Vegvisaren for overføring av makroar i databasedokument flyttar makroar frå eit deldokument i ei eldre Base-fil til lagringsområdet for makroar i den nye Base-fila.

Tidlegare fekk makroar berre liggja i tekstunderdokumenta til skjema og rapportar. Nå kan makroar også lagrast i sjølve Base-fila. Dette betyr at makroar i Base-filer nå kan kallast opp frå alle underkomponentane: skjema, rapportar, tabellutforming, spørjingsutformimg, relasjonsutforming og tabelldatavising.

Det er likevel ikkje teknisk mogleg å lagra makroar både i ei Base-fil og deldokumenta. Viss du vil leggja til nye makroar i Base-fila og behalda dei eksisterande makroane som vart lagra i deldokumenta, må du flytta dei gamle makroane til lagringsområdet for makroar i Base.

Vegvisaren for overføring av makroar i databasedokument kan flytta makroar opp i Bases fillagringsområde. Då kan du undersøkja makroane og endra dei som du vil.

For eksempel er det mogleg at makroar frå deldokument har det same del- og makronamnet. Etter at du har flytt makroane inn i eit felles lagringsområde, må du redigera makroane for å gjera namna unike. Vegvisaren kan ikkje gjera dette.

Vegvisaren kan laga reservekopiar av Base-filene til ei valfri mappe. Vegvisaren forandrar den opphavlege fila, reservekopien vert ikkje endra.

Tilbake

Vis vala du gjorde i dialogvindauget i det førre steget. Innstillingane på dette steget vert ikkje endra. Denne knappen kan berre brukast frå og med side to.

Neste

Trykk Neste. Då vil vegvisaren bruka gjeldande innstillingar og går vidare til neste steg. På det siste steget vert denne knappen endra til Lag.

Fullfør

Tar i bruk alle endringane og lukker vegvisaren.

Avbryt

Lukkar du eit dialogvindauge med Avbryt, vert ingen av endringane du har gjort i han lagra.

Støtt oss!